Dette dannar hovudgrunnlaget for Sogn og Fjordane si reiselivssatsing, og gjev eit vesentleg bidrag til sysselsetting og inntekter m.a. i HAFS— regionen.

Tradisjonelt har fjordane, breen og fjella vore mest attraktive, men stadig fleire oppdagar kvaliteten i kystnaturen. Som t.d. på ettersommaren og hausten, med glødande fargar i purpur, gult og raudt, er landskapet her ute eit «Alveland», der det stig av havet ein morgon ein fær med båt eller bil frå Bergen og oppover langs kysten til Sogn og Fjordane. Når morgondisen kverv, og ein ser Solundfjella i synsranda, er det ei oppleving av hav og natur ein vil ha som eit spesielt minne frå turen.

Reiseliv er ei aukande næring, og er i ferd med å ta att fiskerinæring og havbruk, jfr. her tal frå Jensbua, som marknadsfører overnattingsbedrifter og aktivitetar i HAFS-kommunane.

Det at vegen fram kan vere eit mål i seg sjølv, medan han på den andre sida berre er eit transportmiddel til å nå viktige attraksjonar og reisemål, skaper utfordringar for planlegging av transportsystema. Turistar som vitjar Kyst-Noreg for å oppleve naturen og kulturen her ute, er generelt positive til ferjeturar, og lang seglingstid blir normalt ikkje sett på som ei ulempe.

For å kanalisere ei ny reiserute inn i Fylket, må Sogn og Fjordane satse på ein ytre «turistveg» med ferja over Sognefjorden, i traséen frå Bergen og nordover langs RV 57 der Kyststamvegen skulle ha gått.

Fylkeskommunen bør ta konsekvensane av at både reiselivspotensialet og næringsutviklinga vil skje på kysten. Lovnadane om sambindingsvegar då Kyst- stamvegen vart lagt langs E 39 med ferje Oppedal-Lavik er ikkje oppfylte!

HAFS-kommunane er i Fylkesdelplaner erklært som eit uttynningsområde, med aukande fråflytting og minkande inntekter. Tenk etter kva denne dreiinga av trafikken og auke av reisande på ferjesambandet Rutledal-Krakhella-Rysjedals- vika vil ha å seie for ei auka næringsutvikling i HAFS-OMRÅDET, ikkje berre om sommaren, men òg på vinterstid.

For turistane er den «ytre reiseruta», RV 57, over Knarvik, Leirvåg-Sløvåg og Rutledal-Krakhella-Rysjedalsvika og vidare gjennom Hyllestad og Fjaler til Førde, mykje meir spanande, enn å stange i veg blant tungtrafikken med «farleg gods» på E 39 over Oppdal-Lavik.

Ei slik reise gjev ei heilt anna oppleving av kystnaturen. Tempoet kan settast ned, fergene vert «kvilesteinar» for studier av reisemålet og reisa på vegen vidare.

Ein snunad og auke av trafikken på RV 57 frå Bergen til Førde, kan auke stati- stikken på reisande, og danne grunnlaget for ei raskare og større ferje, med hyppigare avgangar, i ytre leia over Sognefjorden.

Initiativet til dette bør komme frå mange hald, og her kan ein finne gode medspelarar i nabofylket Hordaland. Reiselivslaga i dei to fylka og fylkeskommunen kan enkelt legge til rette for dette, ved ei betre skilting i dei to byane Bergen og Førde, som er endestoppen på RV 57. På denne måten kan ein få snudd trafikken ut på RV 57, og få til eit endra reisemønster langs kysten her, fram og attende.

Dernest kan ein med auka løyving frå staten til «Turistveg», få justert opp standarden på vegar gjennom Gulen, Hyllestad, Askvoll og Fjaler, som her også vil vere viktige «Pendlar-vegar» for arbeidsplassane i HAFS og Førde.

Eit spanande prosjekt som Hordaland Reiselivslag har sett i drift er CAR-WALK- prosjektet, med skilta ruter for fotturar ut frå m.a. RV 57 oppover til Sogn og Fjordane grense. Nordsjøløypa vil òg kunne koblast inn i dette prosjektet, og kan gje turistar og andre reisande store mogelegheiter til å oppleve norsk kystnatur i fullt monn, når dei set bilen frå seg og tek beina fatt.

Dette må både reiselivsnæringa, Fylkeskommunen og politikarar i Sogn og Fjordane ta opp arbeidet med. For reiselivssatsinga i HAFS-kommunane, vil dette auke potensialet for reisande, som m.a. vil sjå Solund som eit aktuelt reisemål,

når dei først er kommen ombord i ferja som kryssar Sognefjorden lengst ute.

I dette perspektivet får transporttilbodet og tilrettelegginga, stor innverknad på korleis Noreg blir oppfatta som ferieland. Dette er årsaka til at Stortinget i 1994 sette søkelyset på vegen som ein viktig del av reiselivsproduktet.

Betre tilgjenge vil bringe fleire turistar til heile den delen av fylket vårt som RV 57 går gjennom, og det vil danne grunnlag for næringutvikling og busetting i alle sideretningar. Det vil òg danne grunnlag for ein statistikk, som vi på vinterstid sårt treng for å halde oppe trafikkgrunnlaget, m.a. på fergene i HAFS-regionen.

Anne Grethe Furrevik, Solund SV