På tross av faglege råd frå bl.a. Landbruksdepartementets eige fagorgan, Statens dyrehelsetilsyn, om «føre var»-prinsippet, gjekk desse tre partia i Stortingets næringskomité 1. mars mot eit framlegg frå sentrumspartia om å innføre midlertidig importforbud mot levande storfe frå land som har dårlegare status i høve til BSE enn det Norge har.

Senterpartiet vart diverre ståande åleine om eit midlertidig forbud som også omfatta kjøttprodukt av storfe som kan innehalda risikomateriale. Når ein gjennom media no får innblikk i dei strikse haldningane til grensekontroll på kjøttprodukt i vårt eige land, og i tillegg er kjend med at ei rekkje EU-land som sjølv har kugalskapssmitte har innført importforbud frå naboland med meir smitte, så virkar det rimeleg uforståeleg at Norge som ikkje har hatt utbrot verken av kugalskap eller munn— og klovsykja, skal spela russisk rulett på denne måten

Her er ein vitne til at Frp, H og Ap er langt mindre restriktive enn land som er innanfor EU-systemet, kanskje er det viktig å vera den «snillaste guten i klassen» slik at ikkje EU-kommisjonen vender oss ryggen ved ein eventuell ny EU-søknad, og ein ofrar gladeleg dyre- og folkehelsa på unionstilpassinga sitt alter!

I same komitéinnstillinga gjekk desse tre partia (Frp, H, Ap) i solidaritet med dei land som har vorte ramma av desse smitteutbrota mot eit framlegg frå sentrumspartia om at alt kjøt som vert omsett i Norge skal merkjast med kva land det kjem ifrå, slik at den vanlege forbrukar sjølv har friheit til å velja kva han vil kjøpa. Eller var det kanskje av solidaritet til markedskreftene?

Det er no på tide at det norske folk (veljarane) får augene opp for kva som er retningsgjevande politikk i H, Frp og Ap: markedstilpassing og unionstilpassing, med svekka dyre og folkehelse og rasering av norsk jordbruk som resultat.

KONKLUSJON: Ap, H og Frp vil ikkje stoppa import av munn- og klovsjuke og kugalskap!

Sigrid Brattabø Handegard, førstenestleiar Hordaland Senterparti