I samband med kommunevalet i går avholdt skulekrinsana Fauskanger og Træet avrøysting etter at fleire bokmålsforkjempara ville innføre bokmål i skulen. Ved Fauskanger fekk forslaget bare 41,8 prosent, medan 36 prosent av innbygjarane ville endre målføret frå nynorsk til bokmål i Træet.

— Vi er glade for at nynorsken heldt stand i bygdene våre. Vi har kjempa hardt for å sikre at barna her nord framleis skal ha nynorsk som hovudmål på skulen, seier tidlegare leiar i Askøy mållag, Norvald Hestholm til Kystradioen.