PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.no

Førstemann vart pågripen på bupæl i Eid mandag kveld, og politiet fann over 200 gram hasj, 60 ecstasy-tablettar og fem gram amfetamin. Mannen vart tirsdag framstilt og fengsla for 14 dagar i Nordfjord forhøyrsrett.

Medan fengslinga pågjekk, slo politiet til mot tre andre i distriktet. I eit husvære i Eid vart to menn i 20-åra pågripne, og politiet beslagla 60 gram amfetamin og ei mindre mengd hasj.

I Stryn vart fjerdemann tatt tysdag ettermiddag, og her fann politifolka minst 50 gram hasj.

— Vi er ikkje ferdige med ransakinga enno, det kan dukke opp nye ting, sa lensmann Webjørn Moa i Eid tysdag til Bergens Tidende.

Politiet reknar med at sakene har nær tilknyting til kvarandre, og Moa understrekar at etterforskinga er heilt i startfasen.

— Eg ser slett ikkje vekk frå at fleire kan bli involvert, seier han til Bergens Tidende.