Eg tenkjer på serien «Heroinbyen 2001». Rambøl har understreka at det er viktig å hindra at dei unge vil ekperimentera med narkotika. Han har mot til å peika på at me då må sjå på dei «lovlege varene» tobakk og alkohol. I kronikken «Krav til alle» i BT 27.4. skriv han: «fronten for dei unge går ved bruken av legale rusmidler som sigaretter og alkohol. Klarer man å heve debutalderen for røyk og øl, så vil et stort antall ungdommer kunne reddes unna narkotika.» Han viste til undersøkinga «Ung i Oslo». Dette vart visst for vanskeleg å godta for nokre. Dei alkoholliberale, det har det diverre vorte fleire av dei siste åra, forsvarar ofte bruk av tobakken og alkoholen. Det har med kultur å gjera, vert det sagt. For mange har det vorte ein kostbar kultur.

I debattinnlegget 31.5., «Flere narkomane? Selvfølgelig!», viser Rambøl også til Pedersen og Bakken si undersøking «Ung i Oslo», og han minnar oss om at forskarane har funne at dess tidlegare debut på dei legale rusmidla, dess større er sjansen for hasjdebut. Funna i undersøkinga bør me merka oss. Den viser korleis kvardagen er. Fleire parti hevdar at det er opplysning og informasjon som må til. Rambøl har vilje til å pirka borti noko som mange ikkje likar å høyra. No er eg spent på om dei politiske partia vil gjera ein innsats for å redusera rekrutteringa av narkotikabrukarar. Det er viktig som Rambøl understrekar, at det er mykje å vinna på å utsetja debutalderen for tobakk og alkohol. Vonar mange unge vil takka nei til den kunstige rusen.