Fylkesordførar Gisle Handeland vert vist til som tafatt i spørsmålet om Sunnmøre si tilknyting mot sør.

Dette gjev eit feil inntrykk av Handeland si sterke rolle når det gjeld utvikling av samarbeidet på Vestlandet.

Gjennom sitt arbeid som medlem og leiar av SAVOS, eit samarbeidsorgan som omfattar fylka frå og med Agder til og med Møre og Romsdal, og medlem av Kyststamvegutvalet og i mange andre fora, har Gisle Handeland gjort og gjer ein stor innsats for utvikling av samarbeid og nye organisasjonsformer på Vestlandet. I dette arbeidet er han ein sterk og viktig pådrivar.

Det fortener han stor ros for.

Av Hans Otto Robberstad, fylkesutvalsmedlem for Arbeiderpartiet