Av Einar Rysjedal,

fylkesleiar i Sogn og Fjordane Nei til EU

BT har starta ein artikkelserie om EU. Det er bra — EU-saka vert aldri godt nok opplyst.

Sundag 26. januar har avisa ein artikkel om EU og «fisk». På mange måtar ein opplysande artikkel med både nei- og ja-argument presentert. Slik vil me ha det!

På ja-sida refererer avisa til argumentet om at «Fiskeindustrien har ein ulempe i dag på grunn av høg toll på foredla fiskeprodukt». Her kunne avisa også skrive, som sant er, at tollen er varierande og til og med svært låg på enkelte fiskeprodukt. I periodar av året er det faktisk også null toll på enkelte fiskeprodukt. Frionor la ned sine anlegg i Alta og Trondheim trass i at det på desse anlegga vart foredla fiskeprodukt med null toll. Så tollen har ikkje skulda for alt.

Avisa tek vidare inn eit sitat frå konsernsjef Rolf Domstein i fiskeriindustri-konsernet Domstein som seier at «Viss EU no blir utvida austover, vil det bli krise i bearbeidingsindustrien her i landet».

Det er sjølvsagt stor uvisse om kva aust-utvidinga vil føre til, men ein skal i alle fall vere klar over at Danmark, som i motsetning til Noreg vart EU-medlem i 1972, har mista 27.000 arbeidsplassar innafor fiskeindustrien sidan den gongen for 30 år sida.

Det bør også opplysast om at reglane i GATT-avtalen, som også EU er bunden av, slett ikkje gjer det så sikkert at det vil verte så mykje toll på dei nye «austlege» EU-medlemane. EU-medlemskapen for Sverige, Finland, Østerrike, Spania og Portugal gav Noreg rett til tollfrie kvotar og spesielle tollpreferansar. Berre ny eller auka eksport vert ramma av toll. Det kunne avisa ha nemnt. For etter GATT-avtalen vil dette vel også gjelde nye EU-medlemar som Polen og andre.