Vi meir enn anar at ein ny EU-kamp kan vera under oppsegling. Aftenposten kunne gledesstrålande fortelja at no er det eit klårt fleirtal for EU i det norske folket. Jamvel kvinnene seier ja. Nei til EU-leiar Sigbjørn Gjelsvik seier dei følgjer nøye med og tek utviklinga alvorleg. På ja-sida, der Europabevegelsens leiar Sigurd Grytten har det travelt, meiner dei omskiftet bør få konsekvensar i form av at norske styresmakter tek til å førebu ein ny runde. Men dei møter tverrved i regjeringa. Statsminister Bondevik synest vi har det greitt som vi har det, og Jan Petersen vil heller vera utanriksminister. Han veit at ein ny EU-runde gjer ende på regjeringa. I tillegg veit han at folkemeininga er omskifteleg, og at eit fleirtal fort kan bli endra til eit mindretal når nei-kreftene tek til å røra på seg. No ligg dei i ro.

Jan Petersen ser vidare. Han veit at hovudpunktet på toppmøtet i København er utvidinga austover, og at statsleiarane neppe vil forlata Kongens København før saka er i boks. Dette er elementær kunnskap.

Men Jan Petersen veit meir. Hans mogelege uro knyter seg til andre utviklingstrekk i EU. Det er danskane som no sit med formannskapet og som legg premissane for viktige vedtak dette halvåret. Dette er eit privilegium alle landa — også dei minste - har ender og då. Dei får visa at også dei er med i livets dans.

Ein jobb for Blair?

No pressar store statar som Spania, Storbritannia, Italia og Frankrike på for å gjera ende på denne ordninga, som dei finn både tungvint og ineffektiv. Verre blir det når medlemstalet stig frå 15 til 25. Det er helst små og mellomstore statar som stig inn i unionen våren 2004, og kva rolle skal dei store statane spela?

Her er det at tanken om ein EU-president viser seg. Det må vera ein høgt profilert toppolitikar som skal utnemnast av regjeringane, og som skal styra EU i ein femårsperiode. Ikkje med hard hand kanskje, men med eit fastare grep enn det som er tilfellet i dag. Han skal førebu toppmøta, og han skal representera EU med stor autoritet i resten av verda. Det er råd å tenkja seg ein Tony Blair i denne rolla. Eller Gerhard Schröder. Men neppe Anders Fogh Rasmussen.

Dei små og mellomstore landa er av naturlege grunnar lite begeistra for dette tankegodset. Romani Prodi, EU-kommisjonens president, blir synleg nervøs når slikt kjem på tale, for han begrip at ei slik nyordning vil fråta han og kommisjonen både makt og mynde. Jamvel EU-entusiastar som Belgia og Nederland har vist betydeleg uro over utviklinga. Dei er redde for å koma i skvis mellom stormaktene.

Dansk mellomløysing

Difor er det at Danmarks utanriksminister Per Stig Møller vil prøva å halda stormaktene i ro med eit eller fleire kompromissforslag. Eit nærare samarbeid mellom dei som sit med formannskapet og dei som skal overta det er ei løysing. Ifølgje den danske avisa «Dagen» kan danskane tenkja seg at EUs utanrikspolitiske koordinator Javier Solana blir fast møteleiar når EUs utanriksministrar møtest. Eit alternativ kan vera å vedtektsfesta såkalla gruppe-formannskap, der fleire land delar formannskapet over ein lengre tidsperiode - kanskje fleire år.

Dette er ein rein maktkamp mellom dei store og dei små. Dei små prøver seg med at denne kampen bør utsetjast til arbeidet med eit nytt konvent er avslutta. Det skjer i 2004. Dette arbeidet er som kjent leia av franske Valéry Giscard d'Estaing. Han er sjølv ein sterk tilhengjar av ein EU-president.

Denne maktkampen i EU kjem til å leggja viktige føringar for den neste norske EU-debatten. Dersom Romano Prodis varsame linje vinn fram, vil Sigbjørn Gjelsvik og Nei til EU ha vanskar med sitt skremmebilete av eit føderalt EU der storparten av makta er flytta til Brussel. Kommisjonens makt er alt redusert. Det er ministerrådet, der ministrane frå medlemslanda møtest for å ta viktige avgjerder, som har styrkt seg dei siste åra. Det har vore ei utvikling mange vanlege EU-borgarar har levd godt med.

Blir skuvde ut?

Skulle stormaktene og Valéry Giscard d'Estaing vinna fram, kan Sigurd Grytten få det verre. Då kan Sigbjørn Gjelsvik henta fram sine dystraste scenarier frå 1994 og triumferande utbryta: Kva sa eg?

Det kan henda maktkampen glir forbi toppmøtet i København. Men det er interessant å notera seg posisjoneringa, der dei gamle europeiske stormaktene synest det er tid for å visa kven som er størst. Det vil rituelt føra til protestar frå Danmark og kanskje Sverige, men det er som det skal vera. Det nye er at land som Belgia, Luxemburg og Nederland er urolege over at dei små landa blir skuvde ut av maktas korridorar. Det burde bekymra alle dei som vil Europaunionen vel.

Men det bør også bekymra Sigurd Grytten i Europabevegelsen. Hittil har EU vore romsleg overfor mindre og mellomstore statar, og gitt dei større makt enn folketal og fysisk styrke strengt tatt skulle tilseia. No kan det henda at den reelle makta ter seg. Det er sjeldan noko vakkert syn.

OLAV KOBBELTVEIT