Etter sju år med oppdrag for bedrifter og kommunar i Sunnhordland opprettar Rogalandsforskning (RF) ei avdeling på Stord med Trond Haga (43) som medarbeidar. Han har arbeidd med organisasjonsutvikling i Aker på Stord i seks år, ei bedrift som i 1994 gjennom Industrinettverk for Sunnhordland tok initiativ til eit samarbeid med RF om forskning og utvikling.

Matnyttig

— På Stord og i Sunnhordland står industrien sterkt. I framtida ser vi føre oss ei meir kundenær, aksjonsretta og matnyttig forskning for bedriftene, sa RFs administrerande direktør Kjetil M. Stuland då han opna avdelingskontoret på Leirvik måndag.

— I regionen har vi eit problem med å tiltrekkja oss den kompetansen vi treng. Vi håpar at samarbeidet med Rogalandsforskning og Høgskolen Stord/Haugesund vil hjelpa oss i den prosessen, sa Aker Stords administrerande direktør Lars Solberg.

Stor jobb

— Det blir ein stor jobb å få bedriftene til å ta del i dei store nasjonale satsingane, å få utløyst det som ligg i bedriftene, sa den nytilsette Trond Haga, som har tre års grunnforskningserfaring frå Senter for samfunnsforskning i Bergen.

RF blei etablert i Stavanger i 1973 og har om lag 200 medarbeidarar. Stiftinga er blant anna deltakar i det nasjonale samarbeidsprosjektet Verdiskapning 2010 og FUNN (Forskning for utvikling og nyskapning i bedriftene), der deltakande bedrifter kan få inntil 25 prosent dekking av sine forskningskostnader.