Vi må hugsa på bakgrunnen: Eit Israel som ikkje skyr noko middel i den kampen landet nå står midt oppe i. Dersom FNs visegeneralsekretær Terje Rød-Larsen kan skandaliserast, så står deler av israelsk presse til teneste. Mannen frå Bergen blir identifisert med den tungt hata og forhåna Oslo-avtalen, som av somme er gjort til sjølve syndebukken for at situasjonen i og rundt Israel er komen ut av kontroll.

Så då FN-utsendingen Terje Rød-Larsen kom med særs kritiske utsegner om Israels framferd i byen Jenin, fall dette israelske styresmakter tungt for brystet. Straks var det folk på den israelske høgrefløya som såg seg tente med å få historia om fredsprispengane kunngjort. Ho har ikkje vekt meir enn middels oppsikt i Israel, kanskje fordi bakgrunnen og motivet er så overtydeleg.

Men den israelske høgresida er kanskje nøgd med at historia om den vesle millionen Rød-Larsen og Mona Juul fekk av Shimon Peres-sentret blir ei sak i Noreg? Og det må ho vel seiast å ha blitt, etter at UD ifølgje Aftenposten er meir skaka enn på lang tid.

Ristar på hovudet i UD

Grunnen er enkel nok: Utanriksdepartementet seier dei er ukjend med at det følgde pengar med prisen Terje Rød-Larsen og kona Mona Juul mottok frå Peres' Fredsenter i 1999. Når Rød-Larsen med styrke seier at dette var ei kjend sak, så ristar dei på hovudet i UD. Pressetalsmann Karsten Klepsvik seier at ekteparet har motteke ein stor pengepris innanfor det fagfeltet dei arbeidde med i statstenesta. Hovudregelen er då at pengane skal overleverast til UD.

Rød-Larsen hevdar at UD-folk som var til stades på prisutdelinga fekk veta om pengane. Dette blir nokså kategorisk avvist av ei UD-kjelde Aftenposten har snakka med.

Det er fleire enn Aftenpostens journalistar som finn det naturleg å parallellføra denne historia med den som sende Terje Rød-Larsen hovudstups ut av Thorbjørn Jaglands regjering hausten 1996. Då var det fiskefarseselskapet Fideco det galdt, og Rød-Larsen vart driven frå skanse til skanse. «Brotsverket» vart til slutt straffa med eit forelegg på 50.000 kroner, som Rød-Larsen godtok. Verre var det nok at «superministeren»s framferd i forretningsverda – inkludert sansen for kjappe gevinstar – kolliderte så brutalt med sosialdemokratisk ideologi og tenkjemåte. Det gjorde det umogeleg å vera statsråd i Thorbjørn Jaglands regjering, og Rød-Larsen tok hatten sin og gjekk. Endå om han meinte det var ufortent.

Men ingen meinte for alvor at Fideco-eventyret stod i vegen for ein innsats som fredsmeklar i Midtausten. Og det var fleire enn Rød-Larsen sjølv som såg utnemninga til visegeneralsekretær i FN som ei oppreising. Den jobben har han skjøtta med stort tolmod og overbevisande innsikt, endå om resultatet ikkje er overveldande. Manglande resultat må likevel vurderast ut frå kunnskapen om at i dette området kjem jamvel den mest resultatorienterte meklaren til kort.

Jagland frikjenner

No arbeider Utanriksdepartementet på spreng med å finna fram alle fakta i saka om dei 850.000 kronene som følgde med Shimon Peres' Fredspris til ekteparet Rød-Larsen/Mona Juul. At Mona Juul er norsk ambassadør til Israel gjer ikkje saka enklare. Eg vil vera varsam med å forskottera dommen, og tek med at leiaren i Stortingets utanrikskomité, Thorbjørn Jagland, ikkje ser at ekteparet har gjort noko kritikkverdig.

Under Fideco-saka hausten 1996 kom det fram at Terje Rød-Larsen på 1980-talet heitte Rød Larsen i to ord, og at han på eitt eller anna tidspunkt hadde lurt inn ein bindestrek. Då spurde ein journalist i Aftenposten om vi kan ha tillit til ein statsråd «som løper fra sitt eget navnetrekk». Den dommen var vel i overkant hard? Men dersom det viser seg at Rød-Larsen ikkje har informert UD om pengane, så kan det fort bli litt krøll av det. At Rød-Larsen trudde at UD visste er ikkje nok.

TRUDDE UD VISSTE: FNs visegeneralsekretær Terje Rød-Larsen (t.h.) har motteke 850.000 kroner utan å informera Utanriksdepartementet.
Foto: Jan M. Lillebø