OVE A. OLDERKJÆR Stord

Klokka 23.15 laurdag kveld hadde Stord lensmannskontor ikkje fått melding om at dei to hestane hadde kome ut frå stallen i løa før eller under brannen. Det er den meritterte hesteeigaren Øistein Eskeland som eig løa som brann ned til grunnen, men stallen var leigt bort til andre hesteeigarar på Stord, etter det Bergens Tidende får opplyst.

HESTETRAGEDIE: To ridehestar brann truleg inne i løebrannen på Økland ved Rommetveit på Stord seint i går kveld. FOTO: OVE A. OLDERKJÆR