Eg meiner det er på høg tid å slå eit slag for Jantelova. Denne stakkars lova som har vore hetsa og hundsa frå den dagen Aksel Sandemose forfatta henne i 1933. Forfattaren hadde ikkje før sett punktum, før folk straks tok til å bruke lova for å fremje sine heilt spesielle særinteresser.

«Kva gjekk gale,» tenkjer folk når suksessen uteblir eller suksess blir råka av kritikk. Etter eit par minutts tenkepause har dei svaret: «A-HA! Jantelova! Her på berget får ein ikkje lov til å tru ein er noko.» Då er det vel ikkje meir å seie om den saka. Då er det ingen som vågar å seie det dei faktisk meiner: at tv-programmet ditt stinkar, at du er ein skikkeleg dritdårleg forfattar, eller at musikken din er fullstendig likegyldig, eller at du ikkje er vittig endå kor mykje du kallar deg komikar. Ein kvar kritikk av dette kaliberet vil berre slå tilbake på kritikaren sjølv som blir skulda for å vere ein representant for nettopp Jantelova.

«Det er eit sørgjeleg land vi lever i,» tenkjer oppblåste kjendisar og hensynslause næringslivsfolk og trøstar seg med ei av dei mange anti-jantelovene som til ei kvar tid florerer. Fellesnemnaren til desse anti-jantelovene kan oppsummerast i ein einaste, insisterande setning: «EG ER EINESTÅANDE.» Og når denne setninga først har festa seg, er det berre å drive på vidare.

Eineståande politikk

Etter ein lang og hard kamp mot Jantelova, har nordmenn endeleg fått det slik som dei ønskjer: Eit samfunn tufta på anti-jantelover av ulik art, variasjonar over same tema: EG ER EINESTÅANDE. Korleis kan vi elles forklare suksessen til Carl I. Hagen? Eller Terje Søviknes, som dreg med seg ein haug med skrantne pensjonistar til Syden under dekke av å drive politikk? Vantru blir vi sitjande framfor tv-en og sjå Søviknes guide pensjonistane rundt på Kypros, plaske i badebassenget og prate jovialt med dei audmjuke og takksame gamlingane. Slik har vi aldri sett ein ordførar før, og på den måten er det vanskeleg å hevde noko anna enn at Søviknes er eineståande i norsk politisk historie. Men det gjer han ikkje automatisk til ein god politikar.

Det er dette dei fleste gløymer i sitt nasegruse knefall for anti-jantelovene: At nokon er eineståande betyr at det ikkje finst nokon liknande i heile verda. Det kan mellom anna bety at det ikkje finst nokon som er like kyniske og sleipe i heile verda. Det kan også bety at det finst ingen andre som er like dumme, og det kan bety at ingen i heile verda er like keisame, eller talentlause.

På same måte kan ein hevde at det å vere normal er eit kvalitetsstempel i medisinsk samanheng. Eg er normal, tenkjer du kanskje og smiler sigerssmilet ditt når legen har avgitt domen sin. Men, som Jon Hellesnes har påpeika, vil til dømes ein normal IQ vere alt anna enn flatterande. Då har du plutseleg ramla ned i dei middelmådiges rekkjer. Eit større nederlag kan knapt tenkjast i eit samfunn som i aukande grad krev at du trur du er eineståande.

Eineståande tv

«Finst den perfekte skilsmissa,» var spørsmålet Fredrik Skavlan stilte til Lars Lillo Stenberg for nokre veker sidan. Lillo er sjølv skilt og burde vere bra kvalifisert til å svare på eit slikt spørsmål: «Eg trur det blir feil å bruke ordet perfekt i denne samanhengen, for det finst jo ikkje perfekte ekteskap. Eller perfekte tv-program, liksom,» svarte Lillo på klassisk diskré maner. I eit bittelite augneblink kunne alle sjå at Skavlan blei sett ut av spel (Er det mitt tv-program som ikkje er perfekt? Er det meg ?) og publikum lo ein forløysande latter.

Eg har fundert noko på kva det kom av at folk lo så godt av denne vesle seansen, som var så liten at det var godt gjort at alle fekk det med seg. Kan det vere at folk sitt forhold til tv-kjendisar ikkje er så einsidig beundrande som enkelte hevdar ved å vise til høge sjåartal og suksess?

For å kome til bunns i saka gjennomførte eg ei meiningsmålingsundersøking med eit representativt utval av det norske folk. Det vil seie at eg tok utgangspunkt i venene mine, fordi dei er dei mest representative, slik eg ser det. Og kven har sagt at andre sine metodar er betre enn mine berre fordi dei jobbar i NMI eller noko i den dur? Då må eg i så fall rope på Jante til det syng i dei norske skogane.

Eg stilte det same spørsmålet til 13 vener og bad dei svare på refleks, utan å tenkje seg vidare om. Dette var spørsmålet dei fekk: «Kven er den mest sjølvforherligande personen i media, og på kva måte avslører han/ho seg?».

Eineståande meiningsmåling

Ifølgje undersøkinga meiner nesten halvparten av det norske folk at Fredrik Skavlan er den mest sjølvforherligande personen i media. «Fordi det ligg ein slags ignoranse av sin eigen viktige person. Og at han har ego nok til å gi ut ei reinspikka kjendisbok som eine og åleine skal selje på trynet,» heiter det i eit av svara.

Det er særleg dette med kjendisbøker som får det til å koke over for det representative utvalet. Sjølv om den andre fredagskongen, Almås, jamt over er godt likt, meiner ti prosent at han ikkje er noko særleg. Nokon likte han kanskje før, men no når han har gitt ut ei vaskebok, kan han berre gløyme det. I motsetnad til Skavlan er Almås dessutan ein slik som aldri lar seg vippe av pinnen, ikkje eingong i eit nanosekund. Kor kult er det , liksom, den totale mangelen på brister?

Det blir likevel ikkje kulare når nokon faktisk brest, slik som armen til Thomas Giertsen, etter handbak med ei jente. Dette gjorde han eit så stort ironisk poeng av, at ein kvar sunn skeptikar for lengst har skjøna poenget: Han tolte faktisk ikkje å bli banka av ei jente. Ti-tjue prosent av utvalet meiner at Thomas Giertsen er utruleg sjølvforherligande.

Dette er nøyaktig like mange som meiner at programleiaren i Autofil er den mest sjølvforherligande, fordi han heile tida snakkar med høg stemme, er umogleg å diskutere med, skrik og skråler heile tida.

«Gerhard Helskog. Han er så full av seg sjølv at han berre MÅ smile, uansett kva tema han tar opp,» seier ti prosent av det norske folk. Ytterlegare ti prosent hevdar at dei, noko overraskande kanskje, har store problem med politisk redaktør i Aftenposten, Harald Stanghelle. Det er særleg når han legg seg til ein autoritær allvitande «eg-er-mannleg-redaktør-som-veit-alt-om-alt-mogleg-rolle». Og at han har lagt seg til ein måte å snakke på, med irriterande understrekande, stille pausar.

«Christian Borch trur han er så deileg og elegant, brukar sjekkeblikket kvar gong det er ei ung jente i studio,» meiner ti prosent av det representative utvalet.

Fleire av dei spurde understrekar elles at det var vanskeleg å velje, fordi det er så mange sjølvforherligande folk i media, dei kunne ramsa opp ufatteleg mange fleire namn dersom undersøkinga hadde opna for dette.

Den eineståande Winona

Mange vil truleg skrike høgt på Jantelova når dei no har fått høyre det norske folk sin knallharde dom over tv-kjendisane. Det er då eg vil slå eit heilhjarta slag for Jantelova. Meir jantelov, vil eg hardnakka hevde. Berre slik kan vi unngå folk som rusar seg på seg sjølv i alle kanalar og etterlet den oppveksande generasjon ein total mangel på sunne førebilete.

«Winona rocks» står det på T-skjorta til den seksten år gamle nabojenta vår. Det dreier seg om Hollywood-stjerna Winona Ryder som nyleg vart dømd for butikknasking. Rettssaka fekk så stor merksemd at dei måtte sende heile saka direkte overført på tv.

Det er når det eineståande slår sprekker at folk verkeleg jublar. Eller når det eineståande får ei anna meining enn det uangripeleg perfekte. Når den smellvakre og styrtrike Winona gjer seg til tjuv for nokre småpengar, ja, då svingar det mellom silikonbrysta i glattpolerte Hollywood.

Og alle saman ler ein forløysande latter.