Ifølgje Aftenpostens korrespondent var det dei britiske bøndene som på denne måten jagde byfolk vekk frå gatene i hovudstaden. Dei er rasande fordi regjeringa vil forby revejakta og blant transparentane var «La bøndene ha landsbygda i fred». Men bønder er så mangt.

I Storbritannia er to tredjedeler av landsbygda eigd av eit lite tal familiar. Nokre av dei har hatt eigedomane i mange hundre år og er vel utstyrt med adelege titlar. Nordmenn som kjem til dei britiske øyane, vil ikkje finne mykje av vår allemannsrett og frie tilgang til naturen. Den vel organiserte og godt finansierte demonstrasjonen i London er først og fremst ein kamp for gamle privilegier og krampetrekningar frå ei livsform som er dømd til undergang. Tony Blair tek nok demonstrasjonen med ro. 72 prosent av britane er einige i eit forbod mot revejakta og på landsbygda står Labour så svakt at her knapt er nokon røyster å miste.

Men revejakt er berre ein av parolane. Vi må tru at mange av dei 300.000 har møtt fram for å kjempe for dei andre som går på å bevare landsbygdas kultur, verdiar og vanar. Mange på den britiske landsbygda har otte for sine små samfunn og framtida til borna. Den otten blir nok delt av mange byfolk, ein av dei skal vere Prins Charles som har skrive brev til statsministeren om saka. Heller ikkje på landsbygda er det semje om å bevare revejakta. Organisasjonen til dei britiske landarbeidarane er mot. Den organisasjonen som nå er ei avdeling i Transport and General Workers Union, tel om lag 20.000 medlemer. Det er ein reduksjon frå 100.000 på eit par tiår. Mekaniseringa og dei generelle konjunkturane for primærnæringane har sett sine spor. Folk på landsbygda er for det meste slike som pendlar til byane eller har trekt seg attende frå dei for å nyte eit rolegare pensjonistliv. Det mest oppegåande næringslivet er turisme eller softwareproduksjon i nedlagde låvar og fehus. Offentleg tilsette utgjer den ekspansive delen av arbeidslivet mange stader. Nokre storbønder og romantikarar har blåst i luren, men landsbygda kjem ikkje til å reise seg mot byane. Det er for mykje det same folket i våre dagar. Spørsmålet er også om dei gamle motsetnadene mellom by og land langt på veg er antikverte.

Denne utviklinga er ikkje ulik den vi ser i vårt land. Norske bønder er for det meste små, sjølvstendige landeigarar. Men det blir stadig færre av dei. I 1938 var Skog— og landarbeidarforbundet LOs største forbund med 31.500 medlemer. I mange år etter krigen låg medlemstalet på rundt 25.000. I dag er restane av denne viktige reformkrafta i vårt samfunn ei avdeling i Fellesforbundet med vel 1800 medlemer. Slike tal fortel at landsbygda som livsform ikkje kan haldast oppe av primærnæringane. Dersom distrikta klamrar seg til det som ein gong var, går dei visseleg mot ny avfolking og stagnasjon.

Eg har stor sympati med dei sterke reaksjonane frå distrikta mot nedlegging av posthus, små skolar og lensmannskontor. Utarminga av kollektivtrafikktilbodet gir dårlegare liv og bidrar til meir fråflytting. Men dette er ein kamp som har lite til felles med revejakt og strid for gamle privilegier. Desse privilegiene har både her og der vore tufta på store statlege overføringar til primærnæringane. Nå er desse kraftig reduserte eller avskaffa. Distrikta har nå lite å tene på å slåss for det som har vore. Det stundar mot kommuneval. Det valet fortener dei å vinne som rundt om i norske kommunar maktar å presentere strategiar for nytt livsgrunnlag og ny vekst for landsbygda.

Landbruksminister Lars Sponheim har lagt etter seg eit sitat siste veka: «Det største problemet i distriktene er at de befinner seg i en mental krise og depresjon.» Det er store ord. Men er det sant? Vi høyrer rett nok framleis ekkoet av den store ordførarsamlinga i Oslo siste veka. Dragkampen om dei offentlege midlane høyrer til det bestandige i vår livsform. Den kjem til å halde fram. Men det er ikkje så sikkert at denne dragkampen mest rasjonelt går føre seg etter dimensjonen by mot land eller tettstad mot distrikt. Som alle i Bergen nå veit, er det ikkje små problem byane strir med heller. Dei politiske utfordringane blir stadig meir identiske. Slagordet «by og land, hand i hand» har eit meir meiningsfullt innhald i dag enn då det vart lansert i trettiåra.

Den berande ideen bak kriseforliket den gongen var ønsket om å skape ein aktiv stat og etablere eit offentleg ansvar for utviklinga i bygd og by. Det er ein mindre innlysande dagsorden i dag enn det var den gongen. Men innsikta om at norske distrikt er avhengige av fellesskapet er ikkje mindre viktig i dag. Elles burde distrikta interessere seg for lokalisering og organisering av dei nye og ekspansive produktivkreftene i vårt samfunn. Deira livsform er kritisk avhengig av ein god miljøpolitikk som også i stigande grad må vere eit fellesskapsansvar. Dei vil ikkje kunne stanse fråflyttinga utan målmedviten satsing på kulturpolitikken i vid forstand. Dette er utfordringar som berre unntaksvis bør møtast i ein kamp mot byane. Alliansebygging er eit moderne slagord som mange distriktspolitikarar burde fundere meir over.

Demonstrasjonen for revejakta stiller elles eit viktig spørsmål om kva status og vekt demonstrasjonane har i våre dagars demokrati. 300.000 er ein svært stor demonstrasjon. Om vi hadde overført denne til Oslo og teke omsyn til folketal i den norske hovudstaden og nasjonen, ville vi sett eit av etterkrigstidas største folketog. Det viktige med demonstrasjonar er talet i dei. Både arrangørar og journalistar har opp gjennom åra lagt mykje vekt på å få talt kvar einaste sjel som har rota seg bort i ein demonstrasjon.

Mange er heller ikkje ukjende med moderne versjonar av Tordenskjolds soldatar. Marxist-leninistane la ufatteleg mykje arbeid i å få talt alle som rimeleg kunne reknast som deltakarar i 1. mai-arrangement og andre mønstringar. Dei trudde tala gav grunnlag for makt. Røynslene frå London og slaget om revejakta tyder på at dei som oftast kan spare seg strevet. Demonstrasjonar er ei sympatisk og nødvendig uttrykksform i eit levande demokrati. Men lite tyder på at dei i våre dagar er vegen til makt.

Av Einar Førde