Sambandet var tidleg ute med kritikk av dette normalframlegget, som gjekk langt i å reinsa ut tradisjonelle former og på motsett sida gjeva rom for bokmålsnære former. Brevet frå departementet syner at ei ny stemneleid er mogeleg for norsk målnormering og at samnorsktidbolken er åt å fjøra ut.

Eit urikkelegt hovudkrav frå Ivar Aasen-sambandet er full jamstelt rett millom a— og i-former i nynorsken. I-målet (med typeformene soli og visor) er eit hævdvunne og klassisk drag i nynorsken som er um å gjera å halda fast på dersom me vil unna nynorsken eit sjølvstendigt liv i det norske samfundet. Det er mange gode grunnar til at ein slik skipnad er tenleg for nynorsken:

  • Ivar Aasen, flogvitet som grunnlagde nynorsken, valde i-formi. For eit ungt skriftmål som nynorsken veg normvalet åt Aasen, som sette upp dei fyrste skriftene på nynorskt skriftmål for berre 150 år sidan, tungt.
  • Målføri hev mange stader eit greidt skilje millom linne og sterke hokynsord (bygdi, men visa, bygder, men visor). Skiljet finst nordanfjells i Trøndelag og på Helgeland, mangstad vestanfjells og i dalmåli austanfjells heilt til Indre Agder.
  • Bygnaden i nynorsken ligg til rettes for i-formi. I samhøve med hokyn boki, hev i-målet fylgjerett former som ei opi bok og gjenta er komi. Lærebokmålet hev boka, men ei open bok og jenta er komen, former som kjem på tverke med dei grammatiske kynsskilji.
  • Bokheimen på i-mål er sers umfangsrik; mykje tyder på at dette er sjølve hovudstraumen i nynorsk, frå Aasen, um Blix, Vinje, Garborg, Sivle, Aukrust, Vaa, Bruheim radt fram til Olav H. Hauge. Ei stor mengd kjende og folkekjære songar og salmar er skrivne på i-mål.
  • I-formi og o-endingane i fleirtal gjev nynorsken ein sjeldsynt skifterik og vokalisk velklang som lærebokmålet saknar. Nynorsken av i dag med a- og e-endingar vert reint einstonande i jamføring.
  • Tradisjonen er eit trygt ryggstyd å hava for eit nyreist skriftmål som nynorsken. I-målet knyter band attende til fyrrtidi og gjev høve til å ausa or det som er skrive på målet frå fyrr.
  • Samnorsktidi er umme. Ein avgjerande grunn til at a-formi vart gjord til einaste lærebokform i nynorsk i 1938, var at bokmål og nynorsk med tid og stunder skulde samlast til eitt med -a i hokyn. Denne tanken førde ikkje fram. No er det tid til å gjera god att den skaden dette brigdet valda.
  • Bokmålet hev fenge bøtt målrøtene sine, fyrst og fremst i rettskrivingsbrigdet i 1981. Klassisk nynorsk fortener ingi låkare medferd og lyt få full atterreising på same visi som bokmålet.

Ivar Aasen-sambandet vonar Norsk språkråd fylgjer pålegget frå departementet og avlyser alle åtgjerder som gjeng ut på å kvitta seg med tradisjonelt mål innanfor offentleg målnormering. Tvert um burde Språkrådet staka ut ein radt annan kurs og gjeva fritt slag for i-målet etter 63 år med urett og tvang mot i-målsbrukarane!

FOR IVAR AASEN-SAMBANDET,KLAUS JOHAN MYRVOLL, FORMANN