ARNE HOFSETHarne.hofseth@bt.no VossNår vertskommunen, som var ført opp med høgaste summen i finaniseringsplanen, ikkje vil vera med, er det små sjansar for at dei andre Hardangerkommunane yter sin skjerv. Styret for stiftinga, med tidlegare Jondal-ordførar Leif Galtung i spissen, har dermed små sjansar for å lykkast med bergingsaksjonen.Dermed får Fokus Bank eit problem. Dei kan overta huset, som er næraste nabo til bankfilialen på Lofthus, men kan få problem med å selja eigedomen til anna enn museum. Sorenskrivar Olav Snellingen tok initiativet til at det gamle huset frå sorenskrivargarden på Helleland vart sett opp på tomta attmed banken. Huset var tidlegare rive, men alle plankar merka, slik at det kunne setjast opp att. Tidlegare havrettsminister Jens Evensen hadde gitt tilsegn om å plassera si bok— og dokumentsamling i museet, slik at det her mellom anna kunne bli eit kompetansesenter for havrett. På dette juridiske området har Evensen gjort eit banebrytande arbeid.