Kring 80 personar, frå Røde Kors og frivillige, leitte laurdag etter kvinna som sist vart sett søndag 16. september. Men leitinga var altså resultatlaus. Truleg kjem det til å verte gjort nye søk kommande helg.

Den offisielle leiteaksjonen er avblåst, og politiet har sagt at dei ikkje trur kvinna kan vere i live.