— Store hamneområde er dårlege lokalitetar for oppdrett. Vi vil tenkje oss veldig godt om før det vert gitt løyve til å leggje nye oppdrettsanlegg i nærområda til desse hamnene, seier spesialveterinær Martin Binde hos Fylkesveterinæren for Sogn og Fjordane og Hordaland.

Nye rapportar som påviser stor fare for at oljetankarar kan frakte ukjende organismar i ballastvatnet til desse områda, uroar Dyrehelsetilsynet. Dei fryktar sjukdomsutbrot i anlegg nær hamnene.

Tildeling av nye oppdrettskonsesjonar som vert presentert i dag, er den første tildelingsrunden som har vore på mange år. Men nordhordlendingar og gulingar med ein fiskeoppdrettar i magen, kan truleg sjå langt etter å komme i vurderinga.

— Dersom vi får søknader frå nærområda til Mongstad og Sture, vil dei heilt klart verte underlagt strengare vurderingar enn andre, seier Martin Binde.Veterinæren legg til at han med nærområde meiner areal som i alle fall ligg i ein radius opp mot fem kilometer frå dei store oljeterminalane. I tillegg seier Binde at dei også vil ta omsyn til kvar skipstrafikken går til og frå oljehamnene i Nordhordland, når dei vurderer nye søknader. I praksis vil store deler av Nordhordland og søre deler av Gulen kommune dermed verte utelukka frå vidare vekst innanfor oppdrett. I alle fall inntil det har komme reglar som avgrensar utsleppa av ballastvatn.

— I grunnen trur vi dette vil stoppe av seg sjølv. Oppdrettarane innser at det ikkje er så lurt å etablere seg i dette området. Dei vil nok leite etter andre lokalitetar, seier Martin Binde.