Nei til EU sitt krav om respekt for folkerøystingar, ved å visa til at EU stadig utviklar seg og at det difor er behov for å ta stilling på nytt. Bakgrunnen er at eg i mitt innlegg 15.10. «Norge har alltid høyrt til Europa» kritiserte EU-tilhengjarane for å bryta demokratiske spelereglar når dei overser resultatet av folkerøystingar over endringar i EU slik dei gjorde i Danmark i 1992 og i Irland i 2001. Begge stader vart det som kjent arrangert nye folkerøystingar kort tid etter for å få eit ja-fleirtal, og begge stadene lukkast taktikken. Det var ikkje snakk om å ha ei ny røysting fordi EU var komen eit steg lenger i integreringa, men fordi folket hadde stemt «feil» første gongen.

På den andre sida, det største steget som vårt eige land gjorde mot EU-medlemskap, vart det ikkje stemt over, nemleg vedtaket om å slutta seg til EØS-avtalen i 1993. Denne avtalen er med rette blitt kalla ein «konstitusjonell katastrofe» av folkerettsekspertar, fordi det er ein «dynamisk» avtale som opnar for stadig nye EU-tilpassingar utan reelle forhandlingar. Det einaste EFTA-landet som hadde folkerøysting om EØS-avtalen, var Sveits, her blei det som kjent nei-fleirtal. Sveits har seinare greidd å forhandla seg fram til ein utvida tosidig frihandelsavtale som tek omsyn til landet sine behov, noko EØS-avtalen ikkje gjer, for den var aldri meint som noko alternativ, berre som ein overgang til EU-medlemskap. Nei til EU ser difor fram til ei ny røysting, der alternativa er fullt medlemskap eller ein frihandelsavtale som tek omsyn til norske interesser og naturgitte forhold.

Når vi ser tilbake på utviklinga etter 1994, har det Nei til EU sa den gongen om utviklinga i EU mot ein superstat og følgjene av EØS-avtalen, slått til for fullt, sjølv om det framleis er stor skilnad mellom EØS og EU-medlemskap. Med innføringa av pengeunionen og den nye grunnlova har EU tatt eit langt steg vidare mot ein føderal stat, med fleirtalsavgjerder på stadig nye felt og overføring av makt og kontroll med ressursar frå medlemsland til EU sine eigne organ. Like alvorleg er tilsidesetjinga av faglege rettar, velferd og arbeidsmiljø. Dersom dette blir avgjort over hovudet på folk utan folkerøystingar i medlemslanda, er det eit nytt døme på EU-tilhengjarane si forakt for dei demokratiske spelereglane.

Av Oddvar Skre, Hordaland Nei til EU