EINAR FØRDE

I Afghanistan har vi nettopp fått demonstrert korleis ortodoks islam vart brukt som reiskap for ufridom.

Taliban nytta religionen til å halde menneska i eit middelaldersk jerngrep der dei «lærde dei fattige korleis dei skal forbli fattige», for å låne ei vending frå nobelprisvinnaren V.S. Naipaul. I Midtausten hadde vi kanskje i dag hatt ein fungerande fredsavtale mellom Israel og palestinarane dersom det berre hadde vore dei to store «gamle», «europeiske» partia som bestemmer i Israel. Men dei er pressa av ortodokse politikarar og nybyggjarar som med Det gamle testamentet i handa krev meir blod og død. Religionane er dagleg drivkrafta bak elende og tap av menneskeliv i Kasjmir, Indonesia, Algerie og mange andre stader i Afrika. På vårt eige kontinent treng vi berre nemne det gamle Jugoslavia og Nord-Irland for å bli minte om kva destruktiv rolle religionane framleis spelar i vår postmoderne tidsalder.

Stilt overfor denne røyndomen er det ikkje underleg at mange blir fiendtlege til religion. Sjølv i vår eigen fredelege andedam ser vi dagleg at nye og gamle former for religiøs ortodoksi skaper problem og konfliktar. Aldri har det vore betre argument for å karakterisere religionane som opium for folket. Millionar verda rundt syner oss mennesket på sitt mest ynkelege og irrasjonelle når dei dagleg påkallar ein eller annan gud som ingen nokon gong har sett, som ingen kan prove eksistensen av og som visseleg ikkje er i stand til å hjelpe dei med noko som helst. Dette står i sterk kontrast til vitskapens landevinningar. Vitskapen utryddar sjukdomar, avskaffar fattigdom, gir oss ny teknologi for å kommunisere og reise, gir oss von om å kunne handtere miljøproblema, aukar levealderen og fører oss på tallause måtar inn i rikare liv og tilvere. Så kva skal vi med Gud? La oss satse på fornuften, rasjonaliteten og vitskapen. Religionen er ei attergløyme frå mørkare tidsaldrar. For eit moderne menneske er det like lite meiningsfylt å tru på Gud som å tru på julenissen og tannfeen. For barn kan det vere morosamt. Men det går over.

Men så enkelt er det ikkje. Motsetnaden mellom vitskap og religion og mellom rasjonalitet og tru er eitt av dei store dagsordenpunkta i menneskeættas historie. Om vi reknar at moderne vitskap starta om lag då mellomalderen slutta, blir prosessen mot Galileo den klassiske illustrasjonen på denne motsetnaden. Den fann stad i eit samfunn der pavekyrkja bestemte kva som var tillateleg og god vitskap. Prosessen enda som kjent med at Galileo lovde å halde kjeften sin og aldri meir seie at jorda går rundt sola. Så avstod prelatane frå å brenne han på bålet. I mindre spektakulære former blir denne prosessen repetert rundt om i verda den dag i dag.

Vitskapen fortel oss korleis verda og samfunnet er. I mindre grad hjelper den oss med å finne ut korleis dei burde vere. For alle menneske er fridom, solidaritet, kjærleik, moral, rettferd og ære viktige realitetar. Men dei ligg stort sett utanfor vitskapens domene. For millionar av menneske er det religionen som gir slike omgrep innhald. I jakta på meininga med livet og kva som er godt og vondt, er det ein realitet at religionane spelar ei mykje viktigare rolle for dei fleste av oss enn vitskaplege landevinningar. Dei store religionane har eit langt synderegister. Men dei har også vore ei siviliserande kraft. Dei har ytt vesentlege bidrag når tyrannar skulle refsast og fridomens sak talast. Å avskaffe religionane er eit så håplaust urealistisk prosjekt at eg vil tilrå alle å la det bli med tanken.

Å bygge bru mellom vitskap og religion og mellom fornuft og tru er eitt av dei store prosjekta i filosofiens og teologiens historie. I vår tid kjem det ein jamn straum av nye bidrag til å finne denne syntesen. Eg kjenner meg ikkje kompetent til å vurdere desse bidraga. Men eg interesserer meg sterkt for dei politiske konsekvensane av denne klassiske motsetnaden. Det vi har opplevd dei seinaste åra, fortel kor viktig dette brubyggingsarbeidet er. Moderne vitskap har vore ei drivande kraft bak utviklinga av demokratiet, menneskerettane, avskaffinga av kolonialismen, kampen mot rasisme og mangt anna vi i dag kjenner som framsteg. Men også religionane har ytt vesentlege bidrag til framsteg og sivilisasjon. Kan det finnast eit stort frigjerande kompromiss som påfører menneska mindre elende og ulykke enn vi har sett til nå?

Denne store dagsordenen er viktig i mange av våre små og daglege debattar. Eg ser at dei nå igjen diskuterer obligatorisk filosofieksamen for studentane. Mitt syn er klart: Det er ikkje bra korkje for samfunnet eller studentane dersom det blir vanskelegare for dei å oppdage at det ein gong levde ein mann som heitte Immanuel Kant. Han brukte mykje av sitt liv til å tenke og skrive om denne utfordringa. Slik kom han til å påverke samfunnsutviklinga meir enn dei fleste av dei store statsleiarane.

Nå bryggar det opp til ny strid om statskyrkja. Dei fleste i kyrkja synest nå å vende seg mot den gamle ordninga. Gjerne for meg, eg skal love ikkje å sakne statskyrkja. Men før eit vedtak om oppløysing, er det ein del spørsmål som bør få svar. Eitt av dei er: Vil ei oppløysing av statskyrkja gjere det lettare å bygge bru mellom rasjonalitet og tru? Eller vil det føre til meir religiøs ortodoksi, større motsetnader og meir likesæle hos dei som får eit godt påskott til ikkje å bry seg med dei mange utfordringane trua og religionen stiller oss overfor?

God påske til alle truande og ikkje-truande.