TERJE ULVEDAL

Politiet er førebels tilbakehaldne med opplysningar om det store beslaget. Den hasjsikta sogningen vart pågripen i Førde natt til laurdag. Pågripinga førte til ransakinga i Høyanger der det altså vart funne fleire kilo narkotika.

Politiet er overraska over det store beslaget, og utelukkar ikkje at fleire personar kan verte pågripne.

Høyanger–mannen har sete fengsla i Førde etter at han vart arrestert natt til søndag. Mannen kjem i morgon til å verte framstilt med krav om varetektsfengsling i Ytre Sogn forhøyrsrett i Høyanger.