LARS MÆLAND Stord

Resultat etter skatt var 123,7 millionar, og aksjeeigarane håvar inn 122,4 millionar kroner i utbytte. BKK er av dei som nyt godt av rekordresultatet i Sunnhordland Kraftlag. BKK er nest største eigar i SKL med sine 33,4 prosent av aksjane, noko som gir eit aksjeutbytte på 40,922 millionar kroner. Største eigar er Haugaland Kraft med sine 40,5 prosent av aksjane, noko som gir nær 50 millionar kroner i aksjevinst.

— Me hadde ein uvanleg god produksjon i fjor, der me fekk utnytta kapasiteten på ein svært god måte. Det meir enn kompenserer for ein straumpris lågare enn budsjettert, seier adm.dir. Magne Heimvik i SKL.