Det var natt til søndag at politiet radarmålte mannen til 172 kilometer i timen i 80-sona på Hafstadflata ved Førde sentrum. Ifølgje avisa Firda den høgste farten Sunnfjord-politiet nokonsinne har registrert på radar.

Den fartsglade mannen hadde to passasjerar i bilen då han vart stoppa, og må rekne med å greie seg utan førarkortet i lang tid framover.

Også ein annan bilist fekk førarkortet beslaglagt i kontrollen, etter å ha blitt målt til 117 kilometer i timen.

Fredag ettermiddag, under ein kontroll i ei 60-sone like ved, var ikkje respekten for fartsgrensene stort betre. Alle dei ti køyretya som vart fartsmålte køyrde for fort. Tre av dei måtte levere frå seg førarkortet.