LARS MÆLAND lars.maeland@bt.noBleivik, HaugesundOg det er du og eg som må betala det meste av gildet for operasjonen, der trinn to starta for fullt ved Bleivik i går. Slik det ligg an no slepp reiarlaget Nomadic Shipping unna med 13 millionar, medan skattebetalarane må ut med resten.— Staten vil forskottera kostnadene knytta til oppryddinga, stadfestar seksjonssjef Ottar Longva i Statens Forurensingstilsyn (SFT). 3200 tonn fisk Det er SFT som har gitt ryddeoppdraget til Eide Marine Services, som i samarbeid med Riise Underwater Engineering onsdag starta arbeidet med å ta opp fiskelast og vrakrestar frå havaristaden Bleivik. Prisen for å fjerna den sundbrotne havaristen med den 3200 tonn store fiskelasta er prisa til 55,3 millionar kroner. Tidlegare har det gått med om lag 30 millionar kroner til å tøma havaristen for olje, og rydda oljesøl og vrakrestar frå strendene i området.- Det kan også koma til ein del kostnader i etterkant av den operasjonen Eide Marine Services er i ferd med å utføra, seier Longva. Refusjon? SFT vil søkja om å få refundert kostnadene for den omfattande rydde-operasjonen frå reiarlaget Nomadic Shipping, som på si side viser til sjølova når dei kan nøya seg med å punga ut 13 millionar kroner etter havariet 15. desember.- Det er for tidleg å seia om denne saka får eit rettsleg etterspel. Først må me sørgja for å få vekk all dritten, så får me sjå korleis me skal angripa dette vidare, seier Ottar Longva.Etter planen skal 3200 tonn fisk frå havaristen kvernast, for deretter å dumpast på over 1000 meter djupne i havet. Dette arbeidet skal vera sluttført innan 11. mai.