DEBATT

Av stortingsrepresentant Olav Akselsen (Ap), leiar i næringskomiteen

Konkurranseutsett næringsliv slit. Dagleg kjem det meldingar om permitteringar, oppseiingar, utflagging og konkursar. Signala kjem frå heile landet og frå alle bransjar. Arbeidsløysa er på veg opp, og det er ein drastisk nedgang i bedriftsleiarane sin framtidsoptimisme.

NHO i Rogaland offentleggjorde tidlegare i haust ein rapport som viser at 60 prosent av eksportbedriftene i fylket har konkrete planar om eller vurderer å flagga ut heile eller delar av produksjonen. Ei undersøking gjort av TBL viser at over 50 prosent av medlemsbedriftene vurderer utflagging, og endå fleire vurderer nedbemanning.

Store delar av industrien vår er lokalisert i Distrikts-Noreg, og dersom me ikkje greier å snu den trenden som me no er inne i, kan dette endra busetjingsmønsteret på ein måte som me aldri før har sett. Sentraliseringa vil auka, distrikta blir tappa, og presset på byane våre blir endå større. Sidan regjeringsskiftet for vel eit år sida er over 16.000 fleire registrerte som arbeidslause. Det er ein auke på 28 prosent. Me har no den sterkaste veksten i arbeidsløysa på over ti år, og regjeringa spår ytterlegare vekst neste år.

Trass i tapte arbeidsplassar og negative meldingar frå heile landet, har regjeringa sitt viktigaste motgrep vore å bagatellisera situasjonen og å skulda på alle andre. Både nærings— og finansministeren avviser at industrien slit med noko anna enn vanleg omstilling, og påstår at det eigentleg ikkje står så ille til.

Arbeids- og administrasjonsministeren, som no prøver å setja teoriane sine frå Handelshøyskolen ut i livet, går endå lenger. Han slår nemleg fast at det ikkje har noko for seg å kjempa for industriarbeidsplassane våre. Desse høyrer, så vidt eg skjønar, heime på historias skraphaug. Det må skapast nye arbeidsplassar slår han fast. Det kan ein jo lett vera einig med ministeren i, men den regjeringa han sjølv sit i, har gjort det mykje vanskelegare å nå eit slikt mål.

Gjennom dramatiske kutt i nærings- og distriktspolitikken, er mange av dei verkemidla som skulle skapa dei nye arbeidsplassane, fjerna. Ved å vidareføra kutta i løyvingane til SND seier ein nei til 50 000 nye arbeidsplassar. Etter Arbeidarpartiet sitt syn har me ikkje råd til det. For Arbeidarpartiet vil full sysselsetjing alltid vera eit mål. Gjennom historia har me vist at det går an å kombinera næringslivet sine behov med ønsket om gode offentlege tilbod.

Arbeidarpartiet er einig i at eit stramt budsjett er avgjerande viktig for å få ned renta og den høge kronekursen. Difor har me laga eit stramt budsjett, og me legg altså opp til å bruka 2,2 milliardar kroner mindre enn det som blei vedteke av regjeringspartia og Framstegspartiet måndag kveld. Likevel har me funne rom for å betra kommunane sin situasjon, samtidig som me legg opp til ein langt meir offensiv næringspolitikk enn det regjeringa har lagt opp til. Arbeidarpartiet vil bruka 2,3 milliardar kroner meir til konkrete tiltak for å betra næringslivet sin situasjon og for å få til nyskaping og innovasjon. Betre avskrivingsreglar er viktig for næringslivet, særleg i ein situasjon der mange vurderer utflagging for å spara lønskostnader. Gjennom ei offensiv satsing på SND og distriktsretta tiltak vil me kunna få sett dei gode ideane ut i livet.

Nyskaping er viktig, særleg i ein periode der det tradisjonelle næringslivet slit. Sidan SND blei danna i 1992 har det blitt skapt og sikra 60.000 arbeidsplassar ved hjelp av dei midlane og verkemidla SND har hatt. Ved dei kutta som regjeringa har fått gjennomført, er høvet til å driva ein offensiv politikk for nyskaping redusert tilsvarande. I den førre perioden og i valkampen var det ikkje måte på kor gode ordningar dei maritime næringane skulle få berre Høgre fekk innverknad på budsjettet. No veit me at dette var lovnader som forsvann som dogg for sola den dagen regjeringskontora blei inntekne.

Carl I. Hagen har greidd det kunststykket å gjera seg til talsperson for alle grupper. No sist står han fram som industrien sin ven. Men gjennom budsjettet viser han at dette er ei omsorg som ikkje stikk særleg djupt. Framstegspartiet sitt budsjettopplegg forsterkar nemleg dei fleste av dei trendane som i dag rammar industrien. Mens norsk økonomi treng nedkjøling, er Framstegspartiet sitt opplegg som å hiva bensin på bålet. Framstegspartiet sitt opplegg vil auka etterspurnaden både i offentleg og privat sektor. Dette er eit opplegg for auka lønsvekst, for auka rente, for auka kronekurs og for auka industriell nedlegging.