Vi er ikkje historielause, vi har lese «Bruboka» og kjenner veghistoria i regionen. Det viktigaste historiske argumentet for oss er likevel dei 45 åra vi har betalt bompengar.Tradisjonane er for oss like mykje verd som før når det gjeld solidaritet, felles løft og regional samarbeidsånd. I dette legg vi eit reelt «spleiselag» eller «Nordhordlandspakke» der alle bilistar må delta i spleisinga. Trekk oss gjerne på skattesetelen, eller legg til 20 øre literen på bensinprisane, som i Troms — då vaknar nok alle de som ivrar for at vi skal visa solidaritet. Vi kan ikkje ta dei økonomiske byrdene for regionen si skuldkjensle overfor Radøy. Heller ikkje for dei kaotiske trafikktilhøva i Knarvik sentrum.

Sidsel Styve,for pendlaraksjonen mot forlenga bompengebetaling