• Heilt uforståeleg, meiner tidlegare stortingsrepresentant Hans Olav Tungesvik (KrF). Hans eigne partifeller i regjeringa har vore med på å kutte tilskotet til verdsgymnaset i Fjaler.

— Eg blei heilt forskrekka, seier Tungesvik om at regjeringa i framlegget til statsbudsjett vil kutte tilskotet til skulen. Regjeringa vil løye pengar ut dette skuleåret. Men så er det slutt. 200 elevar frå 80 land kan bli sende heim att. Halvparten utan fullført utdanning.

— Inntil det motsette er bevist, vel eg å tru at avgjerda om å stryke løyvingane har skjedd i all hast. Dette må vere ein rein glipp, seier Tungesvik.

Sender e-post

Men Krf-aren gjer seg ikkje utan vidare.

— Eg har sendt e-postar både til statsministeren, KrF-statsrådane, partiets representantar i Utdanningskomitéen og andre i stortingsgruppa, seier han.

Tungesvik sat på Stortinget for KrF frå 1977 til 1985. I ti år sat han i gruppa som arbeidde for å få eit United World College til Norge. I fleire år var han også styreleiar i stiftinga for skulen.

— Å få skulen på plass var eit puslespel. Etter avtalen om at dei nordiske landa saman skulle finansiere drifta, var vi overtydde om at dette var komme for å bli.

Klar fred- og miljøprofil

Røde Kors nordisk United World College i Fjaler blei opnar i september 1995 av dronning Sonja. Skulen har kring 200 elevar frå 80 land, og gjev ei to-åring utdanning som fører fram til «International Baccalaureate», ein eksamen som gjev innpass til universitet over heile verda.

Kring halvparten av elevane kjem frå fattige kår. Mange har vakse opp i SOS barnebyar eller flyktningleirar. Ved skulen i Fjaler får dei høve til å ta ei gratis utdanning som elles ville vore utenkjeleg. I undervisninga har den nordiske UWC-skulen lagt seg på ein profil med fokus på menneskerettar og miljø.