EINAR FØRDE

FLEIRE UNDERSØKINGAR m.a. frå USA, syner at pasientar som får omtanke, blir bedne for og har mange som engasjerer seg i sjukdomen, har betre voner om å bli friske enn dei som er meir einsame med helsa si. Forklaringane på at det er slik kan vere nokså suspekte, men eg har valt å tru på vitskapen og såleis oppmuntra til all den merksemd eg kan få. No er eg komen i stuss om dette har vore ein haldbar strategi. Pågangen held på å vekse meg over hovudet. Etter kvart er han også av ein slik art at eg må melde om alvorleg tvil om dette kan vere bra for helsa.

Det byrja med at vener og kjenningar som ikkje hadde høyrt noko om helsa mi, gav livsteikn, sympati og støtte. Eg veit at dette ikkje er bra for den såkalla imagen som eg har prøvd å bygge opp, men det var fleire av dei enn eg hadde rekna med. Det vart i det heile gode opplevingar som eg unner alle både friske og sjuke. Du er aldri så einsam som når du får vite at du er alvorleg sjuk. Den neste fasen var prega av folk som ville frelse meg og som er usikre på om mitt forhold til religionen er patent nok. Tidlegare i livet har eg brukt tid på å fortelje slike kor skrinn misjonsmark eg representerer. No vart også dette teikn på omtanke og sympati. I bakhovudet hadde eg undersøkingane frå USA. At nokon har omsut for mi sjels frelse kan ikkje skade, tenkte eg.

DEN NESTE BØLGJA AV SYMPATI kom frå kjende og mest ukjende som ville dele sine eigne røynsler og kunnskapar om sjukdomen med meg. Det var også i utgangspunktet gode opplevingar. Kreft er no ein så vanleg sjukdom at mest alle har vore i direkte kontakt med han i familie og omgangskrins. Fleire overlever denne sjukdomen enn tidlegare og det er alltid god trøyst å vite at det har vore bergingsvon for andre i liknande situasjonar som den du sjølv er i. Men etter kvart vart denne store interessa for sjukdomen noko ein stort sett kan greie seg utan. Eg kjem frå ein kultur der sjukdom som regel ikkje er samtaletema. Dersom det går mot slutten, er det greitt nok å nemne at du ikkje er heilt bra. Men elles er sjukdom dårleg konversasjon. No har eg oppdaga at det er mange menneske som elskar å snakke om sjukdomar. Nokon av dei beint fram fråtsar i bakteriar, virus og kroppsleg elende. Dei meiner at dei syner sin sympati best ved å vere glødande oppteken av mitt fordøyingssystem som etter det dei veit ikkje er heilt i orden. Eg har oppdaga at eg etter kvart blir nokså lei av å diskutere avføring. For meg kjennest det som slik interesse er 60 år for seint eller i alle fall ein 15-20 år for tidleg.

Dette hadde no enno vore til å leve med, hadde det ikkje vore for den siste invasjonen. No har eg mest dagleg hatt kontakt med dei som har løysinga på alle helseproblema. Det er utruleg kor mykje kompetanse og innsikt om sjukdomar som finst på dei mest uventa stader rundt om i samfunnet.

NITTER-KUREN OG MISTELTEIN er kurante døme på slik innsikt som blir marknadsført kraftig overfor oss sjuke. Men enda meir forvitneleg er alle dei naturmedisinane, uttrekk av ville planter, fruktessensar, vitamin og nye kjemiske produkt som eksisterer. Nokon av dei har ifølgje dei som veit, mest magisk verknad. Førre dagen hadde eg telefonkontakt med ein mann som marknadsførte eit slikt produkt både på innpust og utpust. Dette produktet var spesifikt konstruert mot magekreft, fortalde han. Då vart eg sjølvsagt omsider kvitt han ved å å få ei lita opning for å fortelje at det har eg ikkje. I det siste har nokon som sit på ein sensasjonell løyndom av latinamerikanske jungelmedisinar teke kontakt med nokon som står meg nær med sikte på at eg skal bli eit lysande globalt eksempel på sensasjonell læking etter nye metodar. Etter det eg forstår er det særleg ekstrakt frå Equador som gjer susen. Men dersom denne karen eller andre liknande frå tak i meg, har eg no funne motgifta. Eg kjem til einvist og utan diskusjon å hevde at eg berre trur på reddikar. Eg vil påstå at eg et reddikar dag og natt. Dersom det ikkje stoppar kjeften på dei, skjønar eg ikkje korleis eg skal få fred.

ALVORET I DENNE GALSKAPEN er sjølvsagt at mange er nokså forsvarslause overfor marknadsføring av vidundermedisin. Det er meir mellom himmel og jord enn skulemedisinen kjenner til, seier dei alltid. Dei skaper urealistiske voner. For kvart mirakel følgjer tusenvis av alvorlege nedturar etter som det synte seg at også dette håpet brast. Det kan ikkje skade å prøve det, heiter det i agitasjonen. Men det er ikkje sant. Eg er blitt meir og meir oppteken av sambandet mellom fysisk og psykisk helse. Askeavkok i ulike variantar er sjeldan eit problem for den fysiske helsa. Men dagdraumar, urealistiske lovnader og passiv venting på eit mirakel kan vere det.

Slik held eg no på å overutvikle ein eigenskap som dei fleste har meint det har vore for mykje av i utgangspunktet: fiendskap mot irrasjonalitet og overtru. Eg har alltid stilt meg avvisande til mysterier og pseudo-vitskap. Eg trur definitivt ikkje på ufoar og gjenferd. Astrologi er det verste eg veit. Alt eg har sett av telepati og overnaturleg kommunikasjon kallar på låtten. Det finst ingen synske menneske. Det endelege provet på det er at ingen av dei har dukka opp i spelebua her i Maridalen og brukt sine vidunderlege evner til å prikke inn ein Lotto eller i det minste 12 rette i tipping. Men i min nye situasjon oppdagar eg at eg er omgitt av meir slikt enn eg visste. Det er mykje meir naturmedisinar, fargerike vitaminblandingar, grapefruktkjerneekstraktar og liknande i skapa heime enn eg trudde. Eldste dotter mi prøver å prakke på meg noko grøn, kinesisk te som smakar slik at døden kjem som ei frigjering. Min gamaldagse rasjonalitet har visst ikkje gode vilkår om dagen.

EG SET LIKEVEL MIN LIT til bra skulemedisinarar som nokolunde fornuftig kan forklare kvifor dei gjer som dei gjer. Eg kjenner meg mest komfortabel med det, slik ein ekte Steinbukk skal gjere.<p/> ILLUSTRASJON: MARVIN HALLERAKER