Redningsmannskap budde seg på å hente ned dei to, som sjølve ringde politiet frå mobiltelefon og bad om hjelp.

— Luftambulansen har nettopp vore oppe og lokalisert dei to. Det er for mørkt til å hente dei med helikopter, sa vaktsjef Rasmus Eikemo i Bergen politidistrikt i 22-tida onsdag. Dei to hadde gått frå Osavatnet, og var på veg ned mot Gullbotn då dei gjekk feil.

— Dei har byrja å gå nedover, og har gått seg skorfaste, sa Eikemo i går.

Seinare på natta blei ekteparet henta ned av redningsfolk frå Røde Kors i Fana.