Jon Gustav Nes frå Skulestadmo er overtydd om at han ville ha mist begge sine kjære med lengre veg til sjukehuset. Kristian kom til verda 3. oktober i år, og det stod om minutt då morkaka losna. Det er jamgodt med å klippa navlestrengen før fødselen.

Slår ring om sjukehuset

To dagar seinare fekk Bente Århus frå Teigdalen sterke blødingar etter å ha fødd sonen Lars Arve. Ho besvimte, og hugsar ingenting frå redningsaksjonen frå kirurgar og gynekologar som berga livet hennar, og hindra at den nyfødde vart morlaus.

Bente Århus og foreldreparet Tove Velure og Jon Gustav Nes var blant dei som i går troppa opp på Voss sjukehus for å slå ring om fødeavdelinga, fortvila over framlegget om nedlegging.

Medan dei var der, kom enda eit barn til verda ved resolutt innsats frå legane.

— Barnet låg uventa i tverrleie, og måtte forløysast med keisarsnitt, fortel overjordmor Inger Sigh Petersen til Bergens Tidende.

Ho er alvorleg uroa over tanken på ei jordmorstyrt fødestove. Sjølv om alle problemfødslar vert sende til Bergen, vil uventa komplikasjonar oppstå.

— Ønskjer vi jordmødrer å ha dette ansvaret utan å kunne tilkalla lege? undrast ho.

Uærleg av Helse Vest

— Det er direkte uærleg ikkje å seia at det kostar menneskeliv å bu i utkanten av helseregionen, seier gynekolog Ole Frost, med klar adresse til Helse Vest.

Den danske legen med 12 års fartstid på Voss meiner det er uanstendig av det rikaste landet i verda å redusera helsetilbodet i distrikt der tilbodet ikkje er stort frå før.

— Behandlingskvaliteten skal aukast, seier Helse Vest, vel å merka om ein ikkje døyr under transporten, legg Frost til.

Han har røynsle for at det tek to timar frå helikopter er rekvirert til pasienten er komen inn på Haukeland, om flyvêret er godt.

Korkje han eller overjordmor er imponert over at raseringa av seks sjukehus berre gir 21,2 millionar kroner i innsparingar. Det gir 3,5 millionar kroner i snitt pr. sjukehus, promillar av Helse Vest-budsjettet.

I går strøymde det på med støttefråsegner, blomar og helsingar til Voss sjukehus. Også ei marsipankake dukka opp. Tilsvarande opplevde dei andre sjukehusa som er komne i faresonen.

Kreftpasient Kjellaug Gjerstad troppa opp med ein halv blomebutikk, takkebrev til sjukehuset og protestskriv til Helse Vest og Helse Bergen.