Skrekkscenariet utspelte seg utfor Kyskreda tett ved Eidfjord sentrum, der skibussen frå Bergen vart feia på fjorden på veg til skiløypene på Geilo.

Kjærasten var medvitslaus, men den unge mannen fekk snudd henne og symde inn mot land. Med dei siste kreftene nådde han fram til Oddmund Hereid og Lars Ivar Selland som hadde gått ut i det iskalde vatnet og hjelpte dei skadde på land.

Den unge jenta var hardt skadd i brystregionen. Straks ho kom på land, vart ho lagt i stabilt sideleie, og luftvegane rensa for slim og blod. Etter kort tid byrja ho å harka, og vart køyrd i privatbil til Eidfjord Bygdaheim, utan å venta på ambulansen.

Sundag ligg kjæresteparet på Haukeland sjukehus. Ho med alvorlege skader, han lettare skadd. Tilstanden deira var uendra ved 12.30-tida.

Det var fire mann i arbeid med lakkering på Norsk Kranindustri som høyrde braket frå raset og gauling etterpå. Dei styrta til og fekk redda dei to menneska på land.

— Vi såg at Aslak Myrvang la på sym utover mot gutungen, og konsentrerte oss om den vaksne ungdommen som kom symjande innover med ei jente på slep, fortel Oddmund Hereid til Bergens Tidende.

Saman med kollega Lars Ivar Selland frå Ringøy gjekk han ut i det iskalde vatnet. Hereid ytterst, vart halden av Selland som hadde ei hand med feste i land. Dei oppmuntra den unge mannen til å symja så langt at Hereid fekk tak i han. Inne på land stod kollegane Heine Sæbø og Nils Garen.

— Det hadde kanskje vore meir heltemodig å legga på sym, men vi vurderte det slik at 25-åringen ville greie å symja heilt inn til oss. Difor konsentrerte vi kreftene om dei tunge taka som vi visste skulle til for å få dei på land, og opp den grove urda til bilvegen, seier Hereid.

— Har du utdanning i førstehjelp?

— Nei, men eg er sauebonde, og van med livberging i lemminga. Dessutan er kona under utdanning som sjukepleiar.

TORNADO: Her blir bussen blåst på sjøen. FOTO: SOLVEIG GUSSGARD