TERJE ULVEDAL

— Hadde eg ikkje vore dykkar, trur eg ikkje eg hadde overlevd, seier Navekvien til Bergens Tidende dagen etter den dramatiske hendinga ved Saltkjelen i Vågsøy i Nordfjord.

Han var på veg frå Måløy for å besøkje vener då uhellet var ute søndag kveld. På den smale og glatte vegen såg han ein katt gå i vegbana.

— Eg skulle svinge unna for katten. Så skjedde alt fort. Bilen for utfor vegen, seks-sju meter ned ei ur og rett i fjorden. Eg prøvde å komme meg ut, men dører og vindauge let seg ikkje opne, fortel Navekvien.

I hans Chevrolet Suburban er det elektriske vindaugsheisar, og dei sat bom fast. Sakte men sikkert, vart bilen fylt av vatn. Navkvien prøvde å sparke ut frontruta, men lukkast ikkje. Fleire forsøk på å få opp dører og vindauge mislukkast også.

— Men brått gjekk eine ruta på sida i bilen opp, og eg greidde å komme meg ut av bilen. Korleis det skjedde at sideruta brått opna seg, har eg ingen aning om. Men eg kom meg ut av bilen, opp til overflata og symde dei få metrane til land, fortel den erfarne dykkaren.

— Kor lenge var du under vatn?

— Eg veit ikkje. Men det var ei god stund. Eg er temmeleg sikker på at hadde eg ikkje vore dykkar, så hadde eg ikkje greidd det.

Like etter at ulukkessjåføren kom opp i vegen, kom ei drosje forbi. Deretter bar det til Fylkessjukehuset på Nordfjordeid, der han for sikkerheits skuld vart verande natta over. Men i går føremiddag vart han utskriven, og han har sleppt frå den dramatiske utforkøyringa så godt som utan fysiske skader.

REDDA LIVET: Brest i nokre ribbein er einaste fysiske skaden Per Kåre Navekvien har fått etter den dramatiske utforkøyringa søndag kveld. FOTO: RUNE JOHNSEN, FJORDABLADET