DAN-ERIK AGGVIN Alt etter ein halvtime hadde den erfarne ekstremskikøyraren Cato Lægreid teke den første av tre turar med mat og varme klede. Det var ein minst like viktig del av redningsaksjonen ved Røldal skisenter i går ettermiddag og kveld.

Dei tre kameratane frå Skjold i Vindafjord tok turen oppover frå toppen av Røldal skisenter. Der koste dei seg med godt føre og fint ver i bakkar som hellar vekk frå dei oppkøyrde løypene.

Etter kvart fann Øystein Langelandsvik (18) på snøbrett, Bjørn-Frode Hustoft (26) og Tor Arne Sandvik (28) på slalomski ut at dei skulle tilbake mot løypene.

— Vi feilvurderte kvar vi skulle ned att, fortel dei. - Vi oppfatta ikkje korleis terrenget var før det var for seint. Då var det berre å setje seg ned å ringe. Dei sat fast nokre hundre meter opp i fjellsida frå munninga av Røldalstunnelen.

Klokka var kring 15.00 då dei tre etter å ha ringt opplysninga ringde skisenteret og fortalde at dei hadde køyrt seg fast.

Fekk klede, drikke og mat

Heldigvis var den erfarne ekstremskikøyraren Cato Lægreid i skisenteret. Oddingen har så og seie vakse opp i fjellsidene, skrentane og skavlane kring Røldal skisenter. Etter ein halvtime hadde han kome seg ned til dei tre som ikkje har like mykje erfaring i så bratte heng.

— Hadde ikkje han kome hadde vi nok vore der framleis, sa dei ein time etter redninga med helikopter klokka 19.30. Lægreid tok i alt tre turar ned til dei fastkøyrte skiløparane. Det var uråd å leie dei ned. Det var uråd å klatre opp. Han henta varme klede, drikke og mat. Halvvegs fastfrosne, tynne klede vart erstatta med varme kjeledressar.

— Vi var kledde slik at det alt hadde vorte kaldt, fortel dei tre.

To andre ekstremkøyrarar kom også ned til staden og heldt dei med selskap. Via radio hadde dei full kontroll over redningsaksjonen. Det var difor ikkje noko overrasking då ambulansehelikopteret som først kom reiste utan å få gjort noko. Det hadde ikkje heis. Det var berre å vente på Sea King-helikopteret som var i Nordsjøen då alarmen gjekk.

58 grader helling

Lægreid fortel at staden der dei tre sette seg fast vart målt til å ha 58 grader helling.

— Dei sat på ein «windlip». Det er ein skavl som byggjer seg opp under ein skrent, i staden for byggje seg utover ein skrent. Han skildra tilhøva nedafor staden dei sat som hard og svært vanskeleg å køyre på. Utan mykje erfaring ville det vere umogleg å køyre ned på ski. - Det ville ha vore umogleg for oss å kome ned utan tau, fortalde ein av dei tre uheldige. - Men vi leid ingen naud, med den gode hjelpa vi fekk.

Vil ikkje kritisere

Alle tre er godt kjende i Røldal skisenter, og har for vane å køyre på ski der fleire gonger kvar vinter. Dei fortel at dei er sikre på at dei kjem att. - Men då skal vi køyre i dei vanlege løypene. Vi skal ikkje bort i den skrenten ein annan gong.

Politiførstebetjent Hogne Skjervheim vil ikkje kritisere dei tre som sette seg fast. Men han slår fast at dei var heldige med vêr og vind, som gjorde det såpass lett å gjennomføre redningsaksjonen.

FEKK HJELP: Ekstremskikøyrar Cato Lægreid (til h.) tok i alt tre turar ned til dei tre kameratane som sat fast i fjellsida nokre hundre meter opp i fjellsida frå munninga av Røldalstunnelen. Slik fekk Øystein Langelandsvik (18), Bjørn-Frode Hustoft (26) og Tor Arne Sandvik (28) både varme klede, drikke og mat medan dei venta i fire og ein halv time på å bli henta ned med helikopter.<p/>FOTO: DAN-ERIK AGGVIN