Bør det vera slik at staten tener på humanitære organisasjonar sitt engasjement og arbeid for utsette grupper menneske?

I desse dagar vert nasjonalbudsjettet revidert, noko som betyr store økonomiske tap for landets frivillige organisasjonar om forslaga til momsrevisjon vert ståande. I fjor betalte Redd Barna åtte millionar kroner i meirverdiavgift på varer. Denne avgifta vert no utvida til å gjelda tenester, som til dømes ekstra arbeidskraft i samband med store aksjonar. Dette vil føra til at Redd Barna neste år må ut med 13 millioner kroner til staten. Det betyr at me må redusera arbeidet for vanskelegstilte barn og unge, både nasjonalt og globalt.

Redd Barna tek imot rundt 1,5 millionar kroner årleg i støtte til vårt arbeid i Noreg, men me betaler altså ni gonger meir inn i statskassa enn det me får tilbake i støtte ...

Saman med ti andre humanitære organisasjonar aksjonerer Redd Barna for at dei humanitære, frivillige organisasjonane skal sleppa all moms på varer og tenester. Dette ville føra til at til dømes Redd Barna kunne gjera eit betre arbeid for fleire barn. Bli med og støtt kampen ved å gje politikarar på lokalt og nasjonalt plan dine synspunkt!

TRUDE STORHEIM,REDD BARNA