Det er ein organisasjon som barn kjenner vel, likar å vere aktive for og som mange, ikkje minst i sør, har fått tryggleik gjennom. Ein stor del av denne tryggleiken har fattige barn fått gjennom mogelegheita til å gå på skule.

Kunnskap er makt, er det noko som heiter. Å halde eit folk i ukunne er den beste måten for makthavarar å halde dei nede i fattigdom og maktesløyse på. Det er også den beste måten den globale storkapitalen kan halde fattige land nede på, ved å oppretthalde ein skeiv verdsøkonomi, der gjeldstynga land i sør, ikkje har råd til eit velutrusta utdanningssystem.

Det er nettopp skulegang for barn i fattige land som er hovudfokuset i tv-aksjonen i år. Framleis er det ufattelege 130 millionar barn som av ulike grunnar ikkje får gå på skule. For å gje alle desse millionar skulegang, er ikkje ein eller mange innsamlingsaksjonar i den rike del av verda nok, men ei heilt ny økonomisk fordeling av godene. Difor kan ein diverre førebels gje skulegang til eit fåtal. Men dei barn som får midlar til sitt lokalsamfunn, kvar det no måtte vere i verda, får ein heilt ny og endra kvardag. Ein kvardag med kunnskap er ein kvardag med betre livskvalitet! Det er difor viktig med ein organisajon som Redd Barna, og søsterorganisasjonar i mange land. Hundretusenvis av barn og unge som er med i prosjekt dei driv, får ein tryggare oppvekst, og kan seinare i livet byggje vidare på dette.

Midlane frå årets tv-aksjon skal m.a. gå til prosjekt som sikrar skulegang til barn i Guatemala, Nicaragua, Etiopia, Uganda og Kambodsja. Ein prosent av midlane skal gå til eit antimobbeprosjekt i Noreg. At Noreg er med på denne lista, skuldast at også i eit av dei rikaste landa i verda, fell barn utanfor. At ein rik stat har pengar til alle i teorien, er ikkje naudsynt slik i praksis. Mange barn er serskild utsette, grunna krig, barnearbeid, etnisk/religiøs diskriminering, funksjonshemming. Men dei har alle dei same rettar. Saka er å leggje tilhøva til rette for dette målet. Kamp for like rettar er ein kamp for å komme ut av fattigdom og undertrykking. Og for å klare dette treng ein m.a. skulegang. Difor, gje mange barn i fattige land denne moglegheita, ved å støtte tv-aksjonen Redd Barna 2003, søndag 19. oktober. Gje eit barn skulegang, gje eit barn rettar!

IVAR JØRDRE, REPR. I BYAKSJONSKOMITEEN I BERGEN FOR NORGES HANDIKAPFORBUND — HORDALAND