Av Oddny I. Miljeteig, nestleiar LO i Bergen og Omland

Så langt har far fire vekers permisjon i samband med fødsel.

Dette går ikkje, meiner BT: «Mangelen på arbeidskraft i dagens Norge er stor og økende. Tiden er derfor neppe inne til å bevilge menn i sin mest yrkesaktive alder enda mer fritid.»

Endå meir fritid, BT? I Noreg vert det arbeidd overtid tilsvarande om lag 100.000 årsverk. Og vi veit kven som arbeider mest overtid av alle: småbarnsfedrane. Termen «i sin mest yrkesaktive alder» er såleis ein innertiar. Tidlegare har både Lars Sponheim og Valgerd Svarstad Haugland ivra for å lempa på reglar i arbeidsmiljø— og skattelov som avgrensar overtidsbruken. For at småbarnsfedrane skal få arbeida meir overtid?

Ikkje veit eg, men BT-leiaren finn seg nok i kjent selskap.

No kan det henda at leiarskribenten i BT, i våryr rus over solskin og varme, har utsett sine lesarar for ein forseinka aprilspøk. Eller i same (eller annan slags) rus har falle for freistinga til å søndagsterga humørlause likestillingsforkjemparar frå fagrørsla midt i helgefreden. Det anar underteikna at eg i så fall tvillaust no dokumenterer medlemskap i den humørlause gruppa.

Det eg meir enn anar, er at eit samstemt kjønnsforskingsmiljø held fram menns manglande deltaking i heimen som det største hinderet for vidare likestilling i arbeidslivet. Altså: skal norske kvinner delta i yrkeslivet i ein mon som gjer oss i stand til å forsørgja oss sjølve, må mennene koma seg meir heim - til husarbeidet. Framleis arbeider 45 prosent av norske kvinner deltid og utgjer ein stor arbeidskraftreserve. Rikeleg stor nok til å utvida fedrepermisjonen til to månader. «Mennene må regulerast heim. Arbeidslivet gir ikkje slepp på oss utan,» sa leiaren i Bergen Jern og Metall, Kjell Sørensen, i debatten om kontantstøtta for eit par år sidan. Pappapermisjonen er eit suksessfylt døme på at regulering har fått far heim, men det måtte lovregulering til før arbeidslivet gav slepp på han sjølv dei fire vekene.

Kravet om fire nye veker pappapermisjon er eit krav for moderne fedre som tek sine oppgåver på heimebane alvorleg. Det er også ei erkjenning av at det må allmenne ordningar til om vi skal endra tilvande kjønnspolitiserte kulturar, ordningar og arbeidsdeling, også i heimen, og i spennet mellom heim og arbeid. Vil vi at menn og kvinner skal få utfalda seg på like fot, må mennene meir heim. I arbeidslivet handlar likestilling framleis om kvinner, kvinners kår, kvinners rettar og kvinners løn. Difor var ei av overkriftene til Yngve Hågensen andre dag på LO-kongressen nett at: Framtida dreiar seg om kvinner». Og, legg vi til i denne samanhengen: om likestilte menn. Så kastar vi eit blikk bak over skuldera og skimtar BTs leiarskribent som ein rævediltar så vidt synleg ved bakerste hjørne i det sola går ned etter ein vedunderleg søndag i Vestlandets hovudstad.