Vinteren vi er i ferd med å legge bak oss har nok ein gong til fulle vist alvoret i å måtte forhalde seg til rasutsette vegar.

Sem-erklæringa, som er Bondevik II-regjeringa sitt politiske fundament, seier i kap. 10: «Samarbeidsregjeringen vil styrke samferdselsinvesteringene og øke veibevilgningene. Det er nødvendig med bedre standard ut fra hensyn til miljø, verdiskaping, behov for å redusere distriktenes avstandsulemper og bedre fremkommelighet og sikkerhet.» Til no er dette berre fine ord.

I samband med behandling av Nasjonal Transportplan har samferdslekomiteen uttalt følgande: «Komiteen vil understreke viktigheten av å satse på rassikring. Det er nødvendig både av hensyn til sikkerhet og fremkommelighet. Ras og rasfare er et stort problem for innbyggerne og vegtrafikken i deler av landet, og det er viktig at rassikringstiltak blir prioritert innen vegsektoren.»

Merknaden viser at komiteen har forstått alvoret. Derfor forventar den nasjonale rassikringsgruppa at dette no vert følgt opp med nødvendig og større finansiering i kommande statsbudsjett.

Det er for enkelt av vegdirektør og samferdsleminister å hevde at dette er fylka sitt ansvar. Fylka har prioritert rassikringsprosjekt i ei årrekke, men manglande løyvingar gjev ikkje høve til realisering. Frå sentralt hald har det ikkje vore vilje til å sjå rassikring som eit nasjonalt fellesansvar, sjølv om det finst rasfare på alle vegtypar frå stamvegar til kommunale vegar frå Rogaland til Finnmark. Det er ein kvardagsrisiko folk flest må leve med slik det er no, men slik vil vi ikkje ha det lenger. Rassikringsgruppa har i møte med statsråd Skogsholm sett fram følgjande krav:

Den nasjonale rassikringsgruppa krev at regjeringa og Stortinget vedtek eit forpliktande opptrappingsprogram, som sikrar gjennomføring av rassikring av vegnettet. Dette må gjerast i form av ekstraordinære midlar, minimum 1 milliard kroner pr. år. Denne milliarden må kome i tilegg til den ordinære ramma som Stortinget løyver til Nasjonal Transportplan. Rassikringsgruppa krev at dette må vere på plass til statsbudsjettet for 2003. Med ein slik opptrappingsplan vil vi kunne sjå ende på størstedelen av rassikringsproblematikken i ei overskueleg framtid.

Den nasjonale rassikringsgruppa krev handling no.

Av Åshild Kjelsnes,

medlem i den nasjonale rassikringsgruppa