«Bort med formynderstatenavgifter, skattar og band!Stig heilhuga fram under denne plakatenpå veg mot fridomsland!

«Budsjetta er altfor tunge!Fritidsklubbar, adjø! Einslege mødre og rådlause ungeer ikkje vår jobb å fø!»

«Innvandrarslusk og muslimarstinne av latskap og dopNå har dei sett sine beste timarUt med dei, alle i hop!»

Litt lenger borte i gatastår ein forhutla gjengMangel på omsorg har lært dei å hataog nå har dei høyrt det dei treng

Så kjem dei i trampande flokkarmed augo av nysmidd stål ein horde med hakekors, masker og stokkarpå marsj under skrik og skrål

Rundt flammande bål i kveldenblinkar ein langblada dolkmen gneisten som tende hatet og eldenvart til i eit likesælt folk

Og han, som nett sto og talaer langtfrå rasist, nei fy!!— Då høyrde vi lygarhanen galasom før, i Jerusalem by

VIDAR LEHMANN, BERGEN