Lovframlegget er fremja av Chaim Druckman, som i nasjonalforsamlinga Knesset representerer Det nasjonalreligiøse partiet. Dette partiet er til liks med Arbeidarpartiet med i Ariel Sharons koalisjonsregjering. Hauken Sharon har neppe vanskar med å forsvara eit framlegg som dette, om aldri så rasistisk. Han har praktisert denne politikken eit langt liv, blant anna som jordbruksminister i Menachem Begins regjering.

Men det kan vera nyttig å leggja merke til at Arbeidarpartiets sine folk i regjeringa hadde forlate regjeringsmøtet i god tid før denne saka kom opp. Etter alt oppstyret etterpå har Shimon Peres og partifellane hans i regjeringa fått kalde føter, og vil kanskje røysta mot når lovframlegget kjem til Knesset. Men somme vil sjå dette som nokså karakteristisk for Aps haldning til dette kontroversielle spørsmålet i heile Israels drygt femtiårige historie. Partiet har tidvis protestert mot den aggressive konfiskeringa av arabisk jord, men i praksis har dei godkjent det som har skjedd.

Systematiske overgrep

Kva har skjedd? Det finst det fleire meiningar om, men somme snakkar om systematiske overgrep i fleire fasar. Før 1948, men særleg frå 1948 til 1967 og etter 1967. I det følgjande byggjer eg i hovudsak på boka «Det tapte landet» av den svenske jøden Göran Rosenberg. Han drog frå Sverige til Israel som trettenåring, for å byggja landet. Han trudde då at jødane hadde «fått» dette landet, i alle fall hadde dei ikkje teke det ifrå nokon. Men etter seksdagarskrigen i juni 1967 vart dette idylliske biletet brutalt knust:

«Men ingenting kunne forberede meg på den følelsen av tomhet og bitterhet som bredte seg i takt med at de ideologiske slørene ble revet bort, og den ene pionermyten etter den andre ble skåret i strimler. Tett, tett oppunder det landet jeg en gang hadde slått rot i og elsket, lå det et land fylt av vold, overgrep og hat. Og mellom dem et voksende lag av løgner, historieforfalskning og nedpløyde hustufter. Jeg følte meg lurt, bedratt og berøvet minnene mine. Jeg falt fra stor høyde, og jeg slo meg hardt.» Seksdagarskrigen, som var så sigerrik for Israel, gjorde flyktningar om til palestinarar og fredelege pionerar om til væpna busetjarar.

Teori og praksis

Teorien var det ingenting i vegen med, om vi ser på den israelske sjølvstendefråsegna frå 14. mai 1948. Der blir det vakkert slått fast full sosial og politisk jamstelling mellom alle innbyggjarar, utan omsyn til religion, rase eller kjønn.

Praksisen, slik Göran Rosenberg ser han, var ein annan. Mellom sjølvstendefråsegna og den medvitne fordrivinga og deklasseringa av Palestinas arabiske innbyggjarar oppstod ein avgrunn som berre kunne forserast ved hjelp av massiv forfalsking av røyndommen.

På papiret var det jødiske utgangspunktet ganske dårleg. Då FNs delingsplan vart vedteken i 1947 hadde jødiske institusjonar alt i ei årrekkje kjøpt opp arabisk jord. Men berre sju prosent av jorda i Palestinamandatets areal var på jødiske hender. I det som var tenkt som ein arabisk stat eigde arabarane tre firedeler av jorda. I det som skulle bli Israel eigde arabarane tredjeparten av jorda. I det som skulle bli ein internasjonal sone rundt Jerusalem eigde arabarane 80 prosent av arealet.

Tretten år seinare, i 1961, hadde biletet endra seg radikalt. No var over 92 prosent av staten Israels jord på jødiske hender. Arabarane sin del var redusert til sju prosent. I tida etter krigen med arabarstatane 1948ý49 lukkast den sionistiske rørsla først i å hærta arabisk land ý landsby for landsby ý for deretter å omgjera det til jødisk eigedom også i juridisk forstand. Om palestinarar som vart fordrivne med vald heitte det at dei hadde flykta frivillig. Og flykta gjorde dei, som folk gjer i krig. Men når dei seinare vende tilbake møtte dei avsperra landsbyar og sundsprengde hus. Jorda, fekk dei opplyst, var no på jødiske hender.

Ta jord frå arabarane

Rosenberg brukar eit nokså kjent døme på jødisk framferd i denne perioden ý natta mellom 9. og 10. april 1948. Deir Yassin, ein arabisk landsby utanfor Jerusalem, vart utsletta. 250 innbyggjarar, menn, kvinner og born, vart myrda. Udåden vart gjennomført av medlemmer av dei væpna jødiske nasjonalistorganisasjonane Irgun og Lehi, og var, skriv Rosenberg, eit nøye tilsikta signal om kva som kunne skje med andre arabarlandsbyar dersom folk ikkje kom seg unna. Dei som trur at udåden i Deir Yassin er ei eineståande historie kan lesa boka til Göran Rosenberg.

Krig er ein ting, jus noko anna. Det Göran Rosenberg kom til å reagera så kraftig på var at jødane, etter at staten Israel var grunnlagd, kom til å vedta lover og byggja institusjonar som utelukkande hadde til oppgåve å ta jord frå arabarane og gi til jødiske busetningar. Det var lover som forplikta statlege styresmakter til prinsippet om ikkje å selja eller leiga ut jord til arabarar. I løpet av ti år, skriv Rosenberg, utsletta den israelske staten ved hjelp av opne og løynde diskriminerande lover og rettspraksis, spora etter om lag 385 arabiske landsbyar innanfor det nye Israels grenser. Mykje skjedde under dekke av særskilde unntakslover, og særleg var paragraf 125 nyttig til føremålet. Den gav militære styresmakter rett til å sperra av område og innskrenka innbyggjarane sin rett til å ta seg inn og ut av området. Denne lova vart seinare supplert med finurlege formuleringar som opna for de facto-overtaking av arabisk jord på etterskot. Økonomisk kompensasjon høyrde også med, uten at det går fram om det gjorde dei arabiske bøndene ý som miste jorda si ý meir lukkelege. Høgsterett mot hær og stat

Kan ein rettsstat tura fram på denne måten? Nei, israelsk Høgsterett sa noko om dette så tidleg som i 1951, etter at folket i den kristne maronittiske landsbyen Ikrit var fordrivne av militære styrkar frå den israelske hæren. Høgsterett gav dei rett til å venda tilbake, og Ikrit-innbyggjarane kom gledesstrålande til militærkommandanten med rettsavgjerda. Han utferda då, med heimel i ei unntakslov, eit dekret som tilsa evakuering av Ikrit av tryggingsomsyn. Maronittane klaga på nytt til Høgsterett, som skulle handsama saka 6. februar 1952. Men natta til 25. desember 1951 ý julaftan! ý gjekk israelske hæravdelingar inn i landsbyen og sprengde kvart einaste hus i lufta.

Men så gale er det vel ikkje i dag? Det boka til Rosenberg så tydeleg påviser er ein stor grad av israelsk konsensus om at grensene som vart dregne opp etter krigen i 1967 skal bli Israels for all framtid. Den provoserande busettingspolitikken, der israelske busetjarar, med våpen i hand, tek seg til rette og etablerer seg på okkupert land, har heile tida skjedd med den israelske statens velsigning. I så måte har det vore liten skilnad på om Likud eller Arbeidarpartiet har styrt. Haukane Menachem Begin og Ariel Sharon har aggressivt formulert denne politikken, Arbeidarpartiets folk har stillteiande følgt han opp. Det er dette som gjer det så dystert med tanke på ein fredsprosess som legg til grunn at palestinarane skal få ein stat på eit område jødar flest ý også dei som ikkje er ortodokse ý ser på som sitt heilage land.

Ingen arabar til Katzir

Er den israelske staten rasistisk? Ikkje om vi skal dømma etter sjølvstendefråsegna. Men det er ein grunn til at Kaadan, ein arabisk oversjukepleiar med israelsk statsborgarskap, må gå til Høgsterett for å få lov å kjøpa seg ei tomt og byggja seg hus i villaforstaden Katzir, nær byen Hadera. Han vil bort frå slummen, for å sikra borna sine ein skulegang som gir dei tilgang til universitetet. Men styresmaktene i Katzir nektar. Dei vil ikkje ha ein arabar inn i ein jødisk by.

Han fekk Høgsteretts ord for at han har retten på si side. No er det gått to år sidan Høgsteretts avgjerd, og framleis nektar styresmaktene i Katzir Kaadam å kjøpa tomt.

No kjem altså dette lovframlegget, som ý om det går gjennom i Knesset ý set bom for familien Kaadans flytteplanar. Ein skal vera nokså sionistisk inne i hovudet for ikkje å begripa at denne lova er rasistisk. For oss andre er det tydeleg. Men kanskje er det vanskeleg å begripa det rasistiske innhaldet i ei lov som stadfestar ein femtiårig praksis?