EINAR FØRDE

Trivselsfylket Sogn og Fjordane scorar som vi veit strålande på alle livsstils-og helsestatistikkar. Det har Henning Rivedal og andre propagandistar masa med i årevis.

Ei sak er at mange av dei er sunnfjordingar som prøver å gjere seg betre enn dei er ved å låne statistikk frå naboane. Men dei har også alltid lurt unna dei meir ubehagelege sidene ved statistikken. Når det gjeld alvorlege sinnslidingar t.d., er Sogn og Fjordane solid plassert i den dystrare del av materialet. Eg har lese nok i Ættebok for Kyrkjebø og andre viktige kjelder til å vite at eg både geografisk og genetisk er i faresona her. Derfor har eg i år som i alle tidlegare år på veg ut gjennom fjorden sendt ein vennleg tanke til Fylkessjukeheimen på Tronvik. Dit vil eg om det skulle gå gale. Der er sjansen for å møte psykiaterar, psykologar eller andre slike fagfolk heilt minimal. Ein er stort sett omgitt av vanleg bra folk som i eit knipetak kan hjelpe til med eit trollgarn eller slå av ein prat fri for diagnosar.

For å halde meg inne med slike folk, drog eg tidlegare i sommar til Psykiatridagane i Førde og heldt eit foredrag som om lag hadde tittelen ýNordfjordingen, sunnfjordingen og sogningen i historisk og psykiatrisk perspektivý.For at ingen skulle kunne skulde meg for å fare med lettvint rasetøv eller udokumenterte vrangførestellingar frå folkedjupet, la eg betydeleg arbeid i såkalla research. Eg gjekk til vitskapen. Eit for temaet uomgjengeleg sentralt verk er ýAnthropological Studies in Sogný av K.E. Schreiner. Dette verket vart utgitt av Det Norske Vitenskaps-Akademi i Oslo i 1951 og er på om lag 200 sider med eit utall tabellar og plansjar.

Schreiners arbeidsmetode er å måle hovudskallar. Nokre av dei sat også på levande menneske. Han var serleg interessert i skallar frå Sogndal og Hafslo, men supplerte også med interessante individ frå andre sognebygder m.a. Brekke. Undersøkinga følgjer opp C.F. Larsens ýNorske Kranietyperý frå 1901 og knyter også sambandet til distriktslækjar Trædals måling av skallar i Lavik i 1915. Då er eg komen heim og blir oppglødd av å tenke på at om eg berre hadde vore litt eldre, kunne skallen min ha vore med i dette overmåte verdfulle materialet.

De lesarar har ingen ide om kor mange mål ein kan ta på ein vanleg hovudskalle. Diametrar, vinklar, avstand mellom ulike organ og beinlengder gir grunnlag for eit intrikat system av indeksar målt i hundre-og tusendelar. Eg er ikkje sikker på om eg skjønar alle desse indeksane. Eg er ikkje sikker på om det er nokon annan som i dag skjønar dei heller. Men eitt er sikkert: Dette er vitskap og ikkje laust prat. Rett nok blir ein litt skuffa når forfattaren skal trekke konklusjonane og fortel at det er distinkt skilnad på skallane frå Midtre og Indre Sogn på den eine sida og ytresogningane. Dei der inne er meir nordiske. Forfattaren meiner dei har det frå Hallingdalen og Valdres , så velbekomme. Vi her ute er av meir Aust-baltisk og alpin type. Forfedrane våre må ha vore av Cro-Magnon-rasen.

Eg skal ikkje nekte for at noko av dette kan minne om det dei driv med i dag basert på DNA-materiale og at det kan vere interessant. Men likevel kan ein ikkje slutte å undre seg over kva dei dreiv med i vitskapens namn berre for nokre tiår tilbake. Endå meir forvitneleg blir det når ein går til psykiatriens røter. Eg studerte sentrale fagartiklar frå midten av 1800-talet. I ein av dei blir det med støtte i ein autoritet som heitte Schroeder van der Kolk lagt ut om korleis onani er årsak til både religiøs melankoli, epilepsi og sinnsjukdom. Denne overmåte sterke understrekinga gjorde det nødvendig å skaffe ein plansje av ein sunnfjording som i særleg grad har lege under for den hemmelege ungdomslast. Det er eit fælsleg syn.

Ein annan fagartikkel har ein tabell over tilfelle av såkalla erverva sinnsjukdom her i landet rundt 1860. I denne oppstillinga kjem Sunnfjord betre ut enn dei andre distrikta i fylket. Vi står såleis her overfor eit døme på at alt den gongen kunne vitskapen og statistikken vere manipulert. Ein tilsvarande tabell over utbreiinga av idiotar, syner meir jamn fordeling mellom distrikta. Her kjem Indre Sogn ut med sterke tal. Det kan vi ikkje finne anna enn rimeleg. Med vitskap følgjer popularisering. I 1926 ga Cappelens forlag ut eit hefte med tittelen ýHvorledes kan man bedømme et menneskes karakter efter hans ytre?ý Dette er streiftog i fysignomikkens og karakterologiens område. Eg visste ikkje at ein kunne finne ut så mykje forvitneleg basert på utsjånad, klesdrakt, fakter og handtrykk. Kanskje de heller ikkje visste at ein som går med paraplyen under armen har sangvinsk temperament og sans for humor og spøk? Ein som i godt ver går med paraplyen usamanrulla, er derimot makeleg anlagt og ofte udyktig. Når ein slit meir på spissen av skosålane enn på hælane, er ein forsiktig, høfleg, men upåliteleg. Eller som det står: «Buede pannerynker som er senket i midten: Sneverhjertethet., smålighet, grensende til gjerrighet, ikke meget intelligent».

Midt opp i slik morskap er det grunn til å reflektere over kor mykje tøv, fordommar og vankunne som har vore presentert i vitskapens namn. Eg reknar meg som ein livslang forkjempar for kunnskap og god vitskap. Men dersom ein vil vere det, må ein også utvikle grunnleggande skepsis til vitskapen. Dei som seier at dette er gamle greier og slik er det ikkje nå, tek feil. Alle generasjonar vitskap har si vankunne og sitt tøv. Psykiatrien har hatt sin rikelege del av det også utanom lobotomering og andre brotsverk. Og slik fekk eg faktisk ein bodskap til fagfolka i Førde: Ver kontinuerleg kritisk til alle autoritetar i ditt eige fag. Di fleire lækjarar, di meir sjukdom.

I neste avhandling frå fjorden skal vi gå nærarare inn på det vitskaplege grunnlaget for at sunnfjordingar er mindreverdige.