EINAR FØRDE

Mitt prosjekt om «Sogningen, sunnfjordingen og nordfjordingen i psykiatrisk perspektiv» er enklast i forhold til nordfjordingane. Eg har ingenting uteståande med dei.

Vårherre har plassert dei mellom sunnfjordingane og sunnmøringane. Alle vil utan vidare forklaring skjøne at det påkallar den største sympati. Politisk har dei gjennom tidene gjort mykje rart. I tungt venstreland fann vi her Gloppen og andre enklavar som hadde ein uforklarleg sympati med embetsmannsstyret og svenskekongen. Det har dei stridd med sidan. Men her finst også ein imponerande samvers— og organisasjonskultur. Fjordhesten, idretten og ungdomslaga er lysande føredøme for anna folk. Nordfjord er eit folkeleg akademi som har produsert gagns folk til glede for heile nasjonen i generasjonar. Når det gjeld den psykiatriske sida av saka, vart eg ein gong informert av ein røynd distriktslækjar i Nordfjord at dei der tek nokså lett på det manisk-depressive. «Det er dei stort sett dei fleste, så vi tek det først alvorleg når dei blir paranoide, for det er så vanskeleg å kurere,» sa han. Det er omtrent som i NRK då, tenkte eg.

Annleis med sunnfjordingane. For å finne det vitskaplege grunnlaget må vi her sjølvsagt tilbake til Eilert Sundt. Den store samfunnsforskaren som gjennom heile livet arbeidde med å kartlegge det norske folket, fann som vi veit ein av dei mest interessante og oppsiktsvekkjande regionale skilnadene i tilhøvet mellom Sogn og Sunnfjord. Han dreiv ikkje med luftige raseteoriar, men baserte seg på empiri. Slik fann han ut at når det gjeld uekte born og natteløperi, låg Sogn på toppen medan sunnfjordingane knapt var kjende med slike fenomen. Sundt var prest og fann mykje å glede seg over i Sunnfjord. «Jeg beundrede og glædede mig over det sædelige alvor, foreldrenes omhu for børnene, disses lydighed mod forældrene, det trofaste samliv mellom ægtefeller, mændenes arbeidssomhed, kvinnernes huslighed, den overordentlig store tarvelighed og nøisomhed,» skriv han. I Sunnfjord er dei reinslege og vaskar både seg sjølv og husa sine. Som Sundt seier det: «Modsat i Sogn».

Men sjølv Sundt kan ikkje løyne at han finn Sunnfjord nokså keisamt i lengda. Han dreg fram «den sognske livlighed og oppvakthed» som dannar slik kontrast til «søndfjordsk betænksomhed og langsomhed». Kristian Elster d.e. kjende sunnfjordingane godt og har sagt det som skal seiast om dette: «I Søndfjord bor kanskje Landets tyngste, sejgeste og sendrektigste Folk.» «Sogningen gaar let og snart og holder sig opret. Søndfjordingen luder under en uhyre Vegt og drager sig sagte frem i de tykke Vadmelsklæder. Efter lange Forberedelser kommer Ordene sigende sejgt som Taagen fra Havet. Her faar man netop det fulde Indtryk av en Race, som har opgivet Kampen mod et overmægtigt Tryk, og som nu gaar sin Gang i tung Resignation. Det har ingen Hast; thi der ligger icke noget dragende Haab frem for ham».

Som alle veit , er dette framleis situasjonen. Eg ve no ete fyst, sa sunnfjordingen då dei ropte etter hjelp frå isråka. Desse grunnleggjande fakta kan observerast dagleg av alle som har øyre og auge. Det er interessant at 150 år gamle observasjonar stemmer på ein prikk med dei sjablonane som lever den dag i dag og som sjølv sunnfjordingane aksepterer. For om lag ti år sidan skreiv eg ei bok om Høyanger. Den inneheldt mykje sunnfjord-sjikane. Den selde overraskande godt i Sunnfjord. Dei er masochistar òg. Eg vonar at eg snart får realisert ein nærast genial ny bokidé. Eg vil lage boka «Sunnfjordingar» med bilete og kort omtale av alle slike. Den boka kjem dei alle til å kjøpe minst tre eksemplar av til seg sjølv og slekt og vener. Det er så sjeldan nokon bryr seg med dei.

Eg har interessert meg litt for folks bruk av ordtak og herme. I Sunnfjord likar dei snusfornuftige visdomsord som passar med den moralen dei seier at dei har: Kortspel og vin har gjort mange til svin. Ein skal ikkje rose grøda før ho er komen i løa. Det er 'kje gudsord alt som er prenta. I Sogn er det noko meir uryddig: Hardt mot hardt, sa kjerringa ho feis mot tora. Det vart stilt, sa mannen han baud fram kjerringa på auksjon. Drikk med du lyster, tunna har ei syster, sa han Sjur i Vaim.

Samverskulturen er framleis nokså ulik. I Sogn kan du framleis finne reminisensar av gamaldagse gravøl. Eg hugsar at det gjorde stort inntrykk på meg då eg som ung mann las «Gamalt or Setesdal» Her fortalde Johannes Skard at det ikkje var uvanleg at dei tok gravøla så alvorleg at slagsmåla starta rundt kista før dei hadde fått ho i jorda. Først seinare gjekk det opp for meg at slik kunne det ha vore også der eg kjem ifrå. Hermet: Det er mykje ilt både å sjå og høyre, sa kjerringa ho såg ein neger, har eg forresten ikkje heilt greidd å plassere. Det er vel helst frå Sunnfjord.

Det er fascinerande at folk som liknar kvarandre til forveksling, som har para seg med kvarandre i hundrevis for ikkje å seie tusenvis av år, greier å halde liv i sjablonar og fordommar om kvarandre sjølv i moderne tid. Vi har mykje hugnad av slikt i trivselsfylket. Sjikane av sunnfjordingar er mest alltid vellykka fordi det alltid tek ein tre-fire dagar før dei kjem på det hoggande gode svaret. Sjølv då er det sjeldan godt.

Dette er for det meste uskuldig moro. Men det kunne vere vel verd å interessere seg for dei elementa i dette som liknar på Balkan og Nord-Irland. Der er også nærskylde folk opptekne av historiske skilnader. Dei leitar etter ulikskap som knapt finst og strevar dagleg med å blåse opp slik ulikskap til urimelege og farlege dimensjonar. Eg har tidlegare skrive her om at vår lengt etter det homogene held på å utvikle seg til det største trugsmålet mot vår framtid. Når denne lengten blir så pervers at ein ikkje kan utstå sunnfjordingar, har vi eit seriøst studieobjekt. Mange av dei konfliktane vi avskyr og ottast for, finst inne i oss sjølv dersom vi kjenner godt etter.

Det er forresten vel kjent i Sogn at alle sunnfjordingar har ei blaoe rand nedetter ryggen. Det er på tide at dei står fram, vedstår seg og viser fram denne defekten.