Ifylgje Bergens Tidende 14. mars i år går Ranveig Frøiland frå Ap no ut med at det er ein «kjempegod idé» å starta opp bompengeinnkreving att på Sotrabrua. Altså endå ei avgift! Og den skal krevast inn på den nedbetalte Sotrabrua!

Etter det eg forstår er det Stortinget som må ta avgjerd om bompengeordningar på riksvegar, og til hausten er det stortingsval. Det er ikkje mange dagane sidan finansministeren, som er frå same parti som Frøiland, opna for at staten kunne bruka meir av pengane som hopar seg opp i statskassa.

Og då forstår ikkje eg behovet for nye bompengeavgifter på ei nedbetalt bru. Bompengeutspelet bør vera ei taparsak i den tilstundande valkampen. Viss ikkje Frøiland gravlegg den kjempedårlege idéen, håpar og trur eg veljarane på Sotra og øyane utanfor skygger unna den vallista ho står øvst på!

Tor G. TurøyTurøy