SIREN SUNDLAND

Det er ikkje det at eg er rasist, men det må vere lov å seie si ærlege meining. Stopp toskeskapen, steng fjellovergangane: Vi treng ikkje fleire rallyar no!

Kor dum går det eigentleg an å bli? Vi har jo fått det dokumentert gang på gang: det vert berre bråk og kriminalitet av at dumsnille politikarar på død og liv skal presse på oss framande kulturar. Nyare statistikk viser at for kvar gong ein nordmann bryt lova, er det 80 ikkje-nordmenn som bryt den same lova. Det er ikkje rart at gamle og pleietrengande ikkje får sove om natta. Er det verkeleg eit slikt samfunn vi vil ha?

Alt bråket vi har hatt med rallyane den siste tida burde tale for seg. Det blir bråk og ikkje anna enn bråk når framande kulturar nektar å gjere seg til ein naturleg del av samfunnet.

Først og fremst handlar rallylivet om ære. Det handlar om respekt. Ein god rally vil ikkje bry seg det minste om norsk lov dersom æra hans står på spel. Kvinnesynet deira er heller ikkje mykje å skryte av. Likestilling er eit framandord: Rallykvinna har låg status og lever eit isolert liv heime aleine med hus og ungar, medan mannfolka er ute for å krosse. Kvinnene må klare seg så best dei kan, det lengste mennene kan strekke seg til er å sladde litt ekstra på høgtidsdagar. Det er berre når mannfolka slåst at kvinnene tør opp. Då vert dei stolte, det er slik dei får respekt for mannen sin.

Folk får no gjere som dei vil, men det minste ein må kunne forlange er at rallyane lærer seg norsk mens dei sit der med sugerøyret ned i velferdskassa. Rallyane snakkar og snakkar, men ikkje ein kjeft kan forstå kva det er dei vil fram til. Å kunne gjere seg forstått burde vere eit minstekrav før noko som helst får begynne å ta seg til rette i det norske samfunnet.

Rallyane drøymer om å bli martyrar. Det difor dei er så farlege. Og dei er over alt. Ta fram avisa, så ser du det. Skru på radioen så høyrer du dei. Slå på fjernsynet, så ser du dei: Sjølvmordsdebattantane som står i kø for å få sprenge alle viktige diskusjonar til helsike! Det er på tide å vakne opp. No er det dei unge som lar seg lokke av rallyreligionen. Snart vil vi ha tapt ungdomen til eit rallyregime som skattar dei som byggjer bilar høgare enn dei som bygde landet. Kan det kallast eit anstendig samfunn?

Den som tar seg tid til å følgje litt med på politiradioen vil dagleg kunne høyre om gjengar som driv med organisert smugling, om metanol og sjølvsagt mykje slossing. No har vi vore dumsnille lenge nok. Rallyfundamentalistar som nektar å rette seg etter norske lover og trafikkreglar må umiddelbart sendast i retur på første fjellovergang.

Det er ein menneskerett å kjenne seg trygg i sitt eige land. Alle dei konfliktane som oppstår når kulturar kolliderer kostar det norske samfunnet dyrt. Kvifor kan vi ikkje heller satse på å hjelpe rallyane der dei er? Framsynte politikarar har allereie oppretta ein internaliseringsleir på Spanskekysten, og resultata så langt er svært gode. Dette må resten av styresmaktene ta inn over seg. Dei må verne om det norske folk. Vi lever i ei vanskeleg tid. Helsevesenet er i krise og skulen forfell. Då er fleire rallyar det siste vi treng!