ARNE HOFSETHarne.hofseth@bt.no — Ressurspersonen Magne Johan Rørvik er i denne samanhengen verneverdig, seier Tron Bach til Bergens Tidende.Finse-venen i Norheimsund har nyleg teke over vervet som styreleiar for Rallarmusiet - Finse, og har fått hendene fulle med å skaffa driftskapital. Mislykkast han, manglar han pengar til Rørvik si løn.NSB har sponsa musiet med styrarløna i over tre år. Snart er avtaletida ute, og no er det Jernbaneverket som er naturleg samarbeidspartnar for eit museum som er tufta på nasjonal, infrastrukturell jernbane- og samferdslesoge. - Vi må prøva å få på plass ei ordning som kan vera rimeleg langsiktig, seier Bach til Bergens Tidende.Han forklarer at NSB-midlane har utgjort halvparten av musiet sine inntekter dei siste åra. Bortfallet av desse pengane fell saman med auka utgifter med langt større lokale i Østre lokomotivstall på Finse enn i kjellaren under Samvirkelaget.