Rådhuset er kanskje Bergens mest utskjelte bygning.

Dei ymse tidsepokane har sine stilarter og trendar, og Bergen rådhus er eit ekte produkt av si tid. I 50-åra vart det prosjektert ei mengd viktige offentlege bygningar — rådhus, skular, kinoar, kyrkjer m.m. Eit fellestrekk for denne epoken er at mange av bygningane har høg kvalitet, både arkitektonisk, og i handverksmessig utføring. Seinare, i slutten av 60-åra og utover i 70-åra, er byggeriet ofte prega av dårlegare kvalitet, både i idé og utføring.

Bergen rådhus er i seg sjølv eit byggverk med høg kvalitet. Utforming, proporsjonering, detaljering, materialbruk - er gjennomtenkt og solid utført. Dersom ein ser på «høghus» frå epoken etter krigen, er dei ofte tenkt i eit større, skulpturelt anlegg (kfr. Le Corbusier).

Slik var også Erling Viksjø sitt vinnarutkast for Bergen rådhus tenkt. Høghuset «møtte» byen i eit lågare, horisontalt anlegg, som hadde framplass og «bakplass», forhall og festlokale.

Dette lågare anlegget «tok ned» høghuset formalt, og hadde utettervende rom - der politikarar og administrasjon kunne møta folket.

Denne delen av anlegget vart aldri realisert, derfor står Rådhuset i dag åleine - lagleg for hogg. Bygget står i eit område med ein historierik og variert bygningsmasse. Heldigvis er ikkje alle rivingsplanar frå etterkrigstida blitt realiserte. Uavhengig av historiske analysar av kva som burde vore gjort tidlegare, bør ein prøva å gjera det beste ut av dagens situasjon.

Rådhuset har, slik det står i dag, ein del uheldige sider.

Det opne rommet under huset (1. etg.) fungerer som ein vindtunnel. Inngangspartiet er puslete, og personar over 180 cm som skal opp i 2. etg. stangar hovudet i overliggjande trappetrinn. Bygningen er lite imøtekomande - dette bør det gjerast noko med.

Rådhuskvartalet ligg der til salgs, Gulating lagmannsrett skal inn i området, bybanen skal gjennom sentrum, Bergen kommune arbeider med reguleringsplan. Dette er ein unik sjanse til å gripa fatt i Rådhuset, sjå tilbake på Erling Viksjø sitt prosjekt, og transformera dette til vår tid.

Framfor Rådhuset ligg i dag m.a. brannvesenet sine garasjar, del av fengselet, m.m.

Når ein kjem frå sentrum er inngangen til Rådhuset gøymt bak alle desse bygningane. Det store rådhuset har eigentleg berre ein liten «krypinn-inngang» i ein underordna gatestump. Om ein fjernar desse garasjane m.m., vil ein få ei direkte siktlinje mellom Rådhuset og Tinghuset/Tårnplass.

Mellom Rådhuset og Kaigaten er det i dag eit relativt stort areal, med kommunens flaggborg, plen og buskar.

Dersom ein byggjer eit «lågt» anlegg på 4-5 etasjar, langs Kaigaten (kfr. Telegrafen), og som ein L rundt mot Manufakturhuset, kan ein få plass til både Gulating og representasjonsrom for Bergen kommune. Bergen får sin Rådhusplass, og ein ny, storslått akse mellom Rådhusplassen og Tinghuset/Tårnplass.

Rådhuset kan få ein staseleg inngang frå Rådhusplassen, med ny utforming av foajé, og trapp opp til 2. etasje. Utanfor blir det ein verdig plass der også kommunens flaggborg blir plassert. Gamle brannstasjonen og fengselet blir «avdekka», og får sin solrike fasade mot Rådhusplassen.

No når delar av Rådhuskvartalet er til sals, må kommunen gripa sjansen - «ta ned» Rådhuset til byen, og laga ein Rådhusplass.

Bergen har ein gyllen sjanse til å gjera noko med byens forhold til Rådhuset som bygning, og som politisk institusjon. Det må utlysast ein idékonkurranse for å finna fram til det beste, - for heile området rundt Bergen rådhus.

Av Sondof Rabbe, siv.ark. MNAL NPA