OVE A. OLDERKJÆRStord

Regjeringa la i går fram stortingsmeldinga der det blir tilrådd ei gradvis avbemanning av alle fyrstasjonane. Fiskeridepartementet meiner at den elektroniske utviklinga og utbreiinga av satellittnavigering gjer fyrmannskapa overflødige.

— Kunne spart nokre Ifølgje meldinga kan Kystverket spara 27 millionar kroner på å seia opp og flytta fyrmeistrar og assistentar. Pengane skal overførast til hardt tiltrengte vedlikehaldsoppgåver på dei aldrande fyrstasjonane.

— Departementet seier samstundes at det vil kosta rundt 80 millionar kroner å gjera stasjonane om til automatisk og vedlikehaldsfri drift. Vi meiner pengane kunne blitt brukt på ein betre måte for å sikra vedlikehaldet utan å avfolka alle stasjonane, seier Olav J. Stenstvedt, leiar i Kystverkets tenestemannslag som organiserer dei fyrtilsette.

— Konklusjonen i meldinga kjem ikkje som noko overrasking på oss. Men vi håpa i det lengste på at nokre stasjonar blei spart, stasjonar der ettersyn og vedlikehald kunne blitt utført frå, seier Stenstvedt.

Organisasjonen lovar å driva aktivt arbeid overfor Stortingets samferdselskomiti for å hindra ei total avfolking av norske fyr.

Håpar på fiskarar - Vi håpar sg at brukarane av tenestene våre - fiskarar, fraktebåtar og skipsfarten elles - kjem på banen og gir uttrykk for si meining, seier Olav J. Stenstvedt.

— Vi innser at det har skjedd ei sterk utvikling i fyrtenesta. Det er ikkje lenger behov for berre å sitja og passa på fyret. Men vi har solid erfaring med å driva vedlikehald og ta meteorologiske observasjonar. Å samla folk i vedlikehaldsgrupper på land har vi ikkje så stor tru på, seier Stenstvedt.

Regjeringa vil tilby 50 av dei 116 tilsette på stasjonane stilling i vedlikehaldsgrupper stasjonert ved basar på land eller på nokre utvalte fyrstasjonar. Resten misser arbeidet gjennom naturleg avgang.Noreg si 57.000 kilometer lange kyststripe har i dag 31 bemanna fyr, 76 ubemanna fyr, 4052 lykter og lanterner og 13.500 faste merke.

Kystdirektoratet reknar med at det må nyttast 260 millionar kroner i året til drift, vedlikehald og fornying i fyrtenesta. Nasjonal transportplan har tilrådd ei årleg ramme på 204 millionar kroner.