"Det interessante i parallellen mellom Quisling og Milosevic har nettopp med det internasjonale rettssamfunn å gjøre," skriv Rødland.Like påfallande meiner eg skilnaden er i det internasjonale rettssamfunn si haldning til Milosevic og Ariel Sharon. Begge er ansvarlege for brutale massakrar og etnisk reinsing, men "det internasjonale rettssamfunn" er berre interessert i den eine av dei. Den politiske skilnaden mellom dei to er at den eine vart styrta som statsleiar i Rest-Jugoslavia etter massiv NATO-bombing av det landet han styrte, medan den andre i dag er statsminister i Israel med massiv støtte frå dei leiande NATO-landa USA og Storbritannia.Tidlegare denne månaden gjekk menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch ut og bad på ny om at Sharon no vert sett under etterforsking for massakrane på om lag tre tusen sivile palestinarar i flyktningleirane Sabra og Shatila i 1982. Kristne sørlibanesiske militsgrupper utførte ugjerningane under vern og godkjenning, og mogleg også etter ordre frå, Ariel Sharon og hans israelske okkupasjonstroppar. Det finst rikeleg med prov for stort omfang av krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskeætta i massakrane i Sabra og Shatila, uttaler Hanny Megally frå Human Rights Watch, og seier vidare at statsministervervet ikkje må få utelukka ei internasjonal kriminaletterforsking av krigsbrotsverka til Ariel Sharon.Men Sharon vert ikkje stilt til ansvar for sine brotsverk. USA og Storbritannia vernar han. Samstundes som dei same stormaktene pressar Rest-Jugoslavia til å utlevera Milosevic. Det er tydelegvis ein avgjerande skilnad for "det internasjonale rettssamfunn" om krigsforbrytaren er ven eller uven med USA og deira allierte.Av Tor G. Turøy, Turøy