debatt Av Vigdis Landroleiar i LPP Sotra og Øygarden Etter grundig gjennomtenking har eg kome til at dette er vel heller eit (ekstremt) døme på regelen enn på unntaket. Dette er faktisk situasjonen innan norsk psykiatri i år 2000.I reportasjen blir det slått fast at det ikkje finst noko tilbod til ungdom med kroniske sinnslidingar, og at det vil ta mange år før fylket får bygd ein psykiatrisk langtidspost for ungdom. Og dette har dei ansvarlege, kven no det måtte vera, visst i desse fem åra. Kvifor har det tatt så lang tid å innsjå at det trengst eit langtidstilbod? Og kven har ansvaret for denne gruppa til så skjer? Eg har ein sterk mistanke om at her har foreldra til dei langtidssjuke hatt, og vil framleis ha, det største ansvaret — fordi dei har tatt det for gitt at dette var deira ansvar, så lenge alle andre også tok det for gitt. Og dette gjeld slett ikkje berre ungdommar som er såkalt nysjuke, men også eldre "ungdommar", som er både førti og femti .I gjeldande tilfelle er foreldra tilfeldigvis ute av stand til å ta omsorga og ansvaret for barnet, og omverda får kjennskap til den uverdige livssituasjonen dette barnet lever i. Kan henda er det no på tide at fleire foreldre seier i frå om kva samfunnet krev av dei, og stiller krav til sjukehuset om respekt for det ansvaret dei tek, og til samarbeid og oppfølging frå kommunehelsetenesta.Dette er noko av bakgrunnen for at det dukka opp pårørandeforeiningar i byrjinga av nittiåra, og at Landsforeningen for Pårørende innen Psykiatri (LPP) vart stifta i 1996. Frustrasjonen over at ansvaret var pulverisert, og at dei næraste pårørande ofte vart pålagt ansvaret åleine, har ført til at mange har søkt trøyst og råd, og også engasjert seg i arbeidet med å forbetra situasjonen innan psykiatrien. Og vi blir fleire for kvar dag som går. Overlege Carmen Escobar på Ungdomsposten på Haukeland bekreftar i reportasjen i BT at det vanlegvis er foreldra som står på for å få eit forsvarleg tilbod til barna sine i liknande situasjonar. Ho presiserer også at Valen sjukehus er ei naudløysing for denne jenta, fordi dei ikkje har andre tilbod.Kven, av alle involverte partar, trur at den alvorleg sjuke jenta vil ha godt av å bli tvangsplassert på ei avdeling med langtidssjuke og ofte urolege og utagerande menneske i 30-40 åra? Og i tillegg langt borte frå familie og vener?Denne situasjonen viser tydeleg at menneske med såkalt alvorlege psykiske lidingar; både dei som i dag er pasientar på Valen sjukehus og dei som kjem der i morgon, ikkje har har kome eit steg vidare trass i den påståtte satsinga på psykiatrien. Kanskje er dei for resurskrevande, og dernest så er det ingen som har stått på barrikadane for dei. Når Landsforeningen er blitt stor nok får vi kanskje ein sjanse til å gje også denne gruppa eit menneskeverdig liv. Til dess: Ta ansvar du som har høve til det!