ARNE HOFSETH arne.hofseth@bt.no

Dermed ligg det an til profesjonell strid når Statsadvokaten og Riksavokaten skal avgjera tiltalespørsmålet, og i ei eventuell straffesak i Voss heradsrett.

Forsettleg drap Etter eitt år og fire månader ligg det framleis ikkje føre nokon rapport som er godkjend av den medisinske kommisjonen.

Politiadvokat Ole Bjørn Mevatne i Hordaland politidistrikt trur likevel at rapporten som dei nye sakkunnige, professorane Berthold Grünfeld og Hans Jakob Stang, leverte før helga, vil bli godkjent. Han har innstilt overfor Statsadvokaten at den sikta vert tiltala for forsettleg drap. Riksadvokaten skal uttala seg før Statsadvokaten tek ut tiltalen.

— Etter mitt syn er det no grunnlag for ein tiltale for forsettleg drap, seier Mevatne til Bergens Tidende.

1-1 Det er ikkje forsvararen, advokat Jostein Alvheim samd i.

— Vi har no to rapportar, den siste på 56 sider der det er små avvik frå den første, seier Alvheim, og understrekar at rimeleg tvil skal koma den sikta til gode.

— Sjølv om Riksadvokaten skulle finna grunnlag til å prøva saka for retten, kan retten si vurdering føra til frifinning, påpeikar han.

— Skal retten høyra alle dei fire sakkunnige, eller berre dei som eventuelt får rapporten sin godkjend av kommusjonen?

— Eg går ut frå at retten vil høyra alle sakkunnige som retten sjølv har oppnemnt. Manglar nokon, vil eg kunne føra dei som vitne, seier Alvheim.

Søvnløyse Søvnløyse var eit springande punkt i rapporten frå Terje Andersen og Jan Øystein Berle, som først vart oppnemnde som sakkunninge.

Dei kom fram til at den sikta var medvitslaus under drapet. Etter lova skal sjølvskulda rus ikkje frita frå straff. 49-åringen skal ha vore påverka av så vel alkohol som medisin, men dei sakkunnige fann at dette ikkje var den dominerande faktoren. Medvitsløysa skuldast mest manglande søvn i fleire døger, og dermed kan mannen ikkje straffast, meinte dei.

Denne rapporten vart ikkje godkjent i kommisjonen, og Voss heradsrett oppnemnde to nye sakkunnige.

Dei konkunderer med at sikta ikkje var heilt medvitslaus, men hadde sterkt nedsett medvit. Etter paragraf 56 i straffelova er ein slik tilstand ikkje straffefriande, men kan vera straffminkande.

Lang varetekt Den sikta vart pågripen same dagen som drapet skjedde, og har site i varetekt praktisk talt samanhengande sidan den tid.

— Det er klart at dette har vore ei påkjenning. 16 månader i fengsel i uvisse om det i det heile tatt blir nokon straffesak, er slitande, seier advokat Alvheim til Bergens Tidende.

På bakgrunn av den første judisielle observasjonen vart den sikta eit tidleg stadium sleppt ut av varetektsfengselet av lagmannsretten og Høgsterett. Men etter ein episode med øldrikking vart han vurdert som ein risiko for kona, og sett inn att.

Det var kona han skulle ha fatt i den skjebnesvangre måndagen, men ho smatt ut bakdøra heime hjå svigerinna Kari Aalvik. Drapet skjedde ved Mølstertunet. Med kniv hadde han tvinga Aalvik til å køyra seg dit, på leiting etter kona.