Dei som lever av å handle kraftkontraktar er framleis av ei anna oppfatning. At vi kan få ein kortvarig prisoppgang i tørrår, har Akselsen sikkert rett i. Men det er noko anna enn ei rask og langvarig stigning.

Trugsmålet om mørklegging av landet har vi høyrt i alle år. Det verkar som om evna til å innrette seg etter realitetane er større hos dei som har med praktisk straumforsyning å gjere enn hos dei som har kraftkrise-retorikken som sitt fag.

Det Akselsen klagar over er konsekvensane av at Stortinget med stort fleirtal, som Arbeidarpartiet var ein del av, liberaliserte elektrisitetsmarknaden i 1991. Om dette var lurt eller ikkje, er ei anna sak, men at prisane stig ved større etterspurnad enn tilbod, fortel berre at marknaden verkar. Prosessindustriens landsforening har forlate kravet om politiske lågprisar for industrien. Men industrien kan framleis teikne langsiktige kontraktar til prisar som også i dag er moderate. Nokre verksemder har gjort frivillege avtalar med Statnett om å kople ut drifta, mot betaling, dersom det blir forsyningsproblem i landet.

Industrien kan også klare seg med mindre straum og spare pengar på det. Norges Naturvernforbund har i ein rapport basert på data frå Statistisk Sentralbyrå og Norges vassdrags— og energiverk, komme til at industrien kan spare 2,4 TWh med små investeringar eller utan ekstra kostnader. I tillegg er vel 6 TWh oppnåeleg med moderate investeringar, og endå 4,5 TWh med ny og energieffektiv teknologi. Til saman er dette nesten 13 TWh, bortimot halvparten av det den kraftkrevjande industrien bruker i året.

Men dersom Akselsen ser så svart på det, må utfordringa til ein energipolitikar på Stortinget vere: Finn lyset! Den økonomiske og langsiktige og naturvenlege løysinga er å redusere forbruksveksten og å gå over til varmeenergi i staden for elektrisitet til å varme opp bustader og næringsbygningar. Dei 40 TWh elkraft som nå går til oppvarming, let seg ikkje skifte ut i en fart. Men i første omgang handlar det om å stanse veksten. Ingen kan argumentere sakleg for at det er uråd eller spesielt vanskeleg. Vi har mykje varmeenergi å nytte utan å skade naturen. Problemet er at Akselsen og hans likesinna ikkje vil.

Dei vil ha gasskraft, og dei vil betale dyrt for å få det til. Det løner seg ikkje, men då står Akselsen klar med Mo i Rana-metoden, nå for gasskraftverk i staden for jarnverk. Staten har sikkert råd til det, men er det lurt? Når Stortinget har sett det dei kallar kraftkrisa, har svaret vore nye vasskraftverk, for så å oppdage at ei ny krise stod klar så snart turbinane var i gang. Heller ikkje gasskraftverk vil oppheve den lova som seier at tilbodet skaper sin eigen etterspurnad.

Det beste og billegaste Akselsen kan gjere for å halde Odda med straum, er å redusere forbrukspresset. Etter ein generasjon med fånyttes kamp mot kraftkrisa, må det vere på tide å prøve noko nytt.

Av Erik Solheim, leiar i Norges Naturvernforbund