— Dette svekkjer tiltrua vår til fylkesmannen som forvaltingsorgan, seier leiar i Naturvernforbundet i Hordaland, Tom Sverre Tomren, til Bergens Tidende.

Saka handlar om at ein grunneigar vil setja opp kårhus i Berge landskapsvernområde nær Tørvikbygd i Kvam herad. Heradet gav løyve og miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen sa ja trass i protestar frå det lokale naturvernlaget. Så protesterte Naturvernforbundet Hordaland og klaga saka inn for fylkeslandbruksstyret. Der vart protesten teken til fylgje. Grunneigaren fekk med andre ord nei til bygging av kårhus.

Grunneigaren, Jon L. Bergen, har på si side nytta seg av ein rett han har til å få saka prøvd for Statens landbruksforvalting. Og det er i denne samanhengen fylkesmann Svein Alsaker har lagt seg borti saka. Alsaker har skrive brev til Statens landbruksforvalting og gjort det kjent at han tilrår bygging av kårhuset innanfor landskapsvernområdet – i strid med eit samrøystes vedtak i fylkeslandbruksstyret.

— Vi nektar ikkje for at Svein Alsaker har lovleg rett til å gjera det han har gjort, men det som er ille, er at har hatt møte med den eine parten, han som vil byggja, før han sende sin merknad til Statens landbruksforvalting. Vi har eit brev som provar dette. Eit slikt lukka, hemmeleg møte med den eine parten høyrer ikkje heime i den offentlege forvaltning. Dette svekkjer tilliten til han som forvaltingsorgan, seier Tom Sverre Tomren.

Han legg til at dersom vedtaket i fylkeslandbruksstyret vert omgjort av Statens landbruksforvalting, vil Naturvernforbundet i Hordaland gå vidare med saka til sivilombudsmannen.

— Her har vi ei sak der miljøvernavdelinga meinte ein ting, og fylkeslandbruksstyret noko anna. Til vanleg greier vi å samordna oss, men når landbruk og miljø er usamde i ei sak, har eg som fylkesmann full rett til å gje mitt syn til kjenne. Men det er svær sjeldan at dette skjer, seier Svein Alsaker til Bergens Tidende.